Gibraltarbukta

Koordinatar: 36°7′51.91″N 5°23′45.63″W

Gibraltarbukta (spansk Bahía de Algeciras) er ei bukt sør på Den iberiske halvøya. Ho er om lag 10 km lang og 8 km brei og dekkjer eit område på 75 km². Midt i bukta er djupna om lag 400 meter. Bukta opnar mot sør og Gibraltarsundet og Middelhavet.

Gibraltarbukta

Kystlinja er tett busett. Frå vest til aust er kysten delt inn i kommunane Algeciras, Los Barrios, San Roque, La Línea de la Concepción og det britiske oversjøiske området Gibraltar. Største delen av kystlinja høyrer til Spania, medan den austlege halvdelen høyrer til Gibraltar.[1]

Både i aust og i vest av bukta står det fyr, eit på Europa Point i Gibraltar og eit på Punta Carnero vest for Algeciras.

TurismeEndra

Bukta er yngleområde for delfinar og vert stundom òg vitja av kvalar. Bukta er derfor populær som stad for kvalsafari.

I tillegg er dykking ein faktor som trekkjer til seg mange turistar. Området er rikt på skipsvrak og andre lekamar som eit fly og ein Shermantanks frå den andre verdskrigen.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Gibraltarbukta

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Bay of Gibraltar» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: