Lac d'Emosson
Lac d'Émosson er eit reservoar i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i kommunane Salvan og Finhaut. den næraste større byen i Sveits er Martigny. Innsjøen har eit overflateareal på 3.27 km² og ligg 1930 moh. På det djupaste er innsjøen 161 m.
Lac d'Émosson | |||
innsjø | |||
Land | Sveits, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | reservoar | ||
Utløp | Barberine | ||
Nedslagsfelt | 34,91 km² | ||
Høgd over havet | 1930 moh. | ||
Areal | 3,27 km² | ||
Største djupn | 161 m | ||
Volum | 227 millionar m³ | ||
Koordinatar | 46°4′18″N 6°55′10″E / 46.07167°N 6.91944°E | ||
Lac d'Emosson 46°04′48″N 6°54′59″E / 46.079905°N 6.916471°E | |||
Kart
| |||
Wikimedia Commons: Lac d'Emosson |
Den første demninga i Emosson (òg kalla Barberine-demninga) vart bygd i 1925. Den noverande demninga med ei høgd på 180 meter stod ferdig i 1974 og sette den gamle demninga under vatn. Det auka volumet i reservoaret frå 40 mill. m³ til 227 mill. m³. Den gamle demninga kan ein framleis sjå når vassnivået er særs lågt.
Det vert nytta kabelvogn for å kome seg opp til demninga. Det er den brattaste taubanen for to kabinar i verda med ein gradient på 87 %[1][2].
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lac d'Emosson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Kabelvogna og park Arkivert 2012-02-13 ved Wayback Machine.
- www.emosson-lac.ch Arkivert 2019-01-31 ved Wayback Machine.