Opna hovudmenyen

Lac souterrain de Saint-Léonard

Saint-Léonard underjordiske innsjø (fransk Lac souterrain de Saint-Léonard) ligg ved Saint Léonard i kantonen Valais i Sveits. Med ei lengd på 300 m og ei breidde på 20 m er han den største underjordiske innsjøen i Europa. Han vart oppdaga i 1943 av Jean-Jacques Pittard. Før 1946 var vassnivået mykje høgare, men eit jordskjelv med styrke 5,6 på Richterskalaen opna nye sprekker i grotta den 25. januar 1946. Vasstemperaturen er konstant 11 ºC. Innsjøen har vore open for ålmenta sidan 1959. Det vert organisert daglege turar frå 15. mars til 1. november.

Saint-Léonard underjordiske innsjø
Lac souterrain de Saint-Léonard
innsjø
St Leonard lake.jpg
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Innsjøtype underjordisk innsjø
Høgd over havet 509 moh
Lengd 0,260 km
Areal 0,006 km²
Middeldjupn m
Største djupn 13 m
Koordinatar 46°15′23″N 7°25′32″EKoordinatar: 46°15′23″N 7°25′32″E
Wikimedia Commons: Saint-Léonard underground lake

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra