Planteslekta salat

planteslekt
(Omdirigert frå Lactuca)
Salatslekta
Lactuca tuberosa
Lactuca tuberosa
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Stamme: Cichorieae
Slekt: Salatslekta Lactuca
L., 1753

Salat (Lactuca) er ei planteslekt i korgplantefamilien som inneheld rundt 100 artar. Dei fleste veks i tempererte strøk på den nordlege halvkula. I slekta finst annan hagesalat (Lactuca sativa) som har mange varietetar, som hovudsalat (Lactuca sativa var. capitata).

Ordet «salat» kjem via tysk frå italiensk (in)salata, 'rett tilreidd med salt'. Det vitskaplege namnet Lactuca kjem frå latin lac, 'mjølk', og viser til den mjølkeaktige plantesafta.

Blomstrande hovudsalat.

Noreg hadde opphavleg éin viltveksande salatart, sibirturt (L. sibirica). Taggsalat (L. serriola) er utbreidd i Sør- og Mellom-Europa og finst av og til på avfallsplassar i Noreg. Artar som også kan reknast til slekta er turt (Cicerbita alpina) og skogsalat (Mycelis muralis)

Kjelder endre

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • «salat» (17. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. juli 2014.
  • «lettuce, n.», Oxford English Dictionary, oed.com.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Planteslekta salat