Turt
Turt er ei urt i korgplantefamilien med utbreiing i høglands- og fjellområde i Europa. Turt veks over heile Noreg og er funnen opp til 1460 m på Fillefjell.[2]
Turt | |
Turt | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Cichorioideae |
Stamme: | Cichorieae |
Slekt: | Turtslekta Cicerbita |
Art: | Turt C. alpina |
Vitskapleg namn | |
Cicerbita alpina |
Planta vert kring 120-130 cm høg og har ugreina stengel som er fiolett og kjertelhåra øvst. Ho har tynne kålgrøne blad og nedre blad har to-tre par finnar og brei trekanta endelapp. Korgdekkblada er mørke og kjertelhåra medan kronene er blå eller blåfiolette. Turt blømer kring juli månad i fuktig næringsrik skog, mest i fjell-lier.[1]
Bruk
endreTurt blir brukt som grønsak i italiensk matlaging, der planta er rekna som ein delikatesse. Unge skot blir kokte og serverte eller selde med olivenolje og tomatsaus.[3] Eit marknadsnamn på denne retten er insalata dell'orso, 'bjørnesalat'.[4]
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Cicerbita alpina, artsportalen.artsdatabanken.no
- Delar av denne artikkelen bygger på «Torta» frå Wikipedia på svensk den 19. november 2010 og «Cicerbita alpin» frå Wikipedia på engelsk den 24. august 2014.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av turt Cicerbita alpina for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
- ↑ Scartezzini, F., et al. Domestication and field management trials of Cicerbita alpina (L.) Wallr. In: First International Conference on Crop Wild Relative Conservation and Use. September 14-17, 2005. Agrigento, Sicily, Italy. pg. 14-17.
- ↑ Scartezzini, F., et al. (2012). Domestication of alpine blue-sow-thistle (Cicerbita alpina (L.) Wallr.): six year trial results. Genetic Resources and Crop Evolution 59(3) 465-71.