Laget for Folkemusikk
(Omdirigert frå Laget for folkemusikk)
Laget for Folkemusikk (LFF) er den samlande interesseorganisasjonen for norsk folkemusikk i Oslo. Laget er knytt til Landslaget for Spelemenn.
Laget for Folkemusikk vart skipa i 1903, då under namnet Huldraleiken. På denne tida var innflyttinga til Oslo stor, og folkemusikarane i Oslo trong ein stad å møtest.
Av folk som har vore tilknytte laget, kan nemnast Eivind Groven, Kjetil Løndal, Talleiv Røysland, Torleiv Bolstad og Odd Bakkerud. Laget har i mange år vore tilknytt Bygdelagssamskipnaden og Heimen for Landsungdom i Nordahl Bruns Gate i Oslo. Laget har og arrangert Landskappleiken to vender, i 1953 og i 1981.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2011-07-26 ved Wayback Machine.