Odd Bakkerud (19311989) var ein norsk spelemann frå Nesbyen i nedre Hallingdal.

Odd Bakkerud
Fødd11. juni 1931
Død13. oktober 1989 (58 år)
DødsstadNesbyen kommune
OpphavNoreg
Instrumentfele
Verka somfelespelar

Odd vart fødd på garden Bakkerud i Rukkedalen ova Nesbyen, og lærde først av mora Kari Bakkerud, som var svært musikalsk. Han kalla seinare opp ein slått etter henne (ein variant av «Treskreppa»). Han fekk og grunnopplæring i hardingfelespel hjå morbroren Knut Bakkerud, og med tida frå spelemannen Jørgen Husemoen (ein tremenning), som sytte for at han fekk seg ei brukbar fele. Seinare reiste han til Hovet i Hol, der han gjekk i lære hjå Kristian Øvrevollseie, og vart prega av spelestilen hans. I unge år gjekk han for å vera svært lik Kristian i spelet.

Etter desse læreåra reiste Bakkerud til Krødsherad der han gjekk i lære hjå spelemannen Truls Ørpen. Ørpen totte ikkje vidare om spelestilen i øvre Hallingdal, men Bakkerud fekk mange slåttar som hadde vandra til Krødsherad frå Hallingdal.

I 1954 kom Odd Bakkerud til Oslo, og vart med i folkemusikkarbeidet der. Han vart kjend med Kjetil Løndal og andre spelemenn, og tok til å legge om spelestilen sin etter eit meir reinskore konsertideal. Han var og i lag med Valdres-spelemennene Ola Bøe og Torleiv Bolstad. Med tida vart han, Bolstad og Kjetil Løndal dei førande konsertspelemennene i folkemusikkmiljøet.

Bakkerud vann Landskappleiken ein rekkje gonger, i 1955, 1960, 1964, 1965, 1967 og 1968. Det var her, Landskappleiken på Lillehammer, at han slo til med den kjende storforma av Fanitullen han sjølv hadde bygd ut, og som sidan har vore nytta. I kappleikssamanhang var Bakkerud ein perfeksjonist, som øvde målretta før han skulle frampå.

Bakkerud hadde glansperioden sin som spelemann i 1960-åra. Etter 1970 vart han noko stivare, men var no å rekne som ei god kjelde, og underviste yngre spelemenn. Han flytte attende til Hallingdal i 1975. Her vart han ei drivande kraft i folkemusikkmiljøet i Nes. Mellom elevane hans kan ein nemne spelemannen Øyvind Brabant.

Frå 1980 vart Bakkerud statsstipendiat.

Elles handla Bakkerud med feler, og var god venn med spelemannen Knut K. Steintjønndalen frå Bø. Han døydde heime i Rukkedalen i 1989, og hadde då rukke å setja sterkt preg på hardingfeletradisjonen i Hallingdal.

Slåttar skrivne ned etter Odd Bakkerud endre

Hardingfeleverket har trykt opp 19 slåttar som er skrivne ned etter Bakkerud. Dei fleste er skrivne ned av Truls Ørpen, ein er skriven ned av Eivind Groven, og eit par er gjort av Sven Nyhus.

Gangarar:

Springarar: