Luganosjøen

(Omdirigert frå Lago di Lugano)

Luganosjøen (italiensk Lago di Lugano or Ceresio, tysk Luganersee) er ein innsjø søraust i Sveits, på grensa til Italia. Innsjøen er kalla opp etter byen Lugano og ligg mellom Lago Maggiore og Comosjøen.

Luganosjøen
innsjø
Luganosjøen sett frå Balcone d'Italia
Land  Italia,  Sveits
Tilsig Vedeggio, Cassarate, Cuccio, Laveggio, Magliasina, Bolletta, Scairolo
Utløp Tresa
Nedslagsfelt 565,6 km²
Opphaldstid 8,2 år
Høgd over havet 271 moh.
Areal 48,7 km²
Middeldjupn 134 m
Største djupn 288 m
Volum 6,5 km³
Koordinatar 45°59′N 8°58′E / 45.983°N 8.967°E / 45.983; 8.967
Byar Lugano, Melide, Campione d'Italia, Ponte Tresa
Kart
Luganosjøen
46°N 9°E / 46°N 9°E / 46; 9
Kart over Luganosjøen
Kart over Luganosjøen
Kart over Luganosjøen
Wikimedia Commons: Lake Lugano

I 1848 vart Melidedemninga bygd på ei morene mellom Melide og Bissone. Motorvegen A2 og Gotthardbanen kryssar innsjøen der og knyter Lugano til Chiasso. Demninga ligg om lag midt i innsjøen. Opphaldstida til vatnet i innsjøen er 11,9 år i nord og 8,2 år i den sørlege delen.

Kjende fjell og turistdestinasjonar rundt innsjøen er Monte Brè (925 m) i aust, Monte San Salvatore (912 m) vest for Lugano og Monte Generoso (1 701 m) på søraustsida av innsjøen. Verdsarvstaden Monte San Giorgio (1 097 m) ligg sør for innsjøen.

Campione d'Italia er ein enklave i Ticino og høge fjell ligg mellom innsjøen og resten av Italia.

Fiske i innsjøen (og Lago Maggiore) har vorte regulert som ein avtale mellom Sveits og Italia frå 1986. Den noverande avtalen om ferdsel på innsjøen er frå 1992.

Stader ved innsjøen i Sveits (CH) og Italia (I) er mellom anna (frå Lugano og med klokka):

Morcote ved Luganosjøen


Utsyn over Luganosjøen frå Monte San Salvatore med Lugano til venstre og Melidedemninga til høgre.

Kjelder endre