Lago di Luzzone er ein innsjø i Ticino i Sveits. Reservoaret har eit volum på 108 million m³ og eit overflateareal på 1.27 km².[1] Han ligg i den øvre Bleniodalen i kommunane Ghirone og Aquila.

Lago di Luzzone
innsjø
Lago di Luzzone med kvelvdammen
Land  Sveits
Tilsig Ri di Cavalasca, Ri di Garzora, Ri di Scaradra
Utløp Brenno di Luzzone
Nedslagsfelt 36,74 km²
Høgd over havet 1606 moh.
Areal 1,27 km²
Største djupn 181 m
Koordinatar 46°34′3″N 8°58′37″E / 46.56750°N 8.97694°E / 46.56750; 8.97694
Kart
Lago di Luzzone
46°34′03″N 8°58′37″E / 46.5675°N 8.9769444444444°E / 46.5675; 8.9769444444444
Wikimedia Commons: Lago di Luzzone

Kvelvdammen Luzzone stod ferdig i 1963. I åra 1997–1998 vart høgda auka med 17 m.[2]

Ein av veggane i demninga er i dag den høgaste kunstige klatreveggen i verda. Eit tysk selskap oppretta ei rute med over 650 kunstige grep og boltar. Ruta dekkjer ein vertikal distanse på 165 meter, og frå frå botn av demninga til toppen.[3]

Innsjøen med demninga i bakgrunnrn
Luzzone kvelvdam

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Swiss Dams: Luzzone Arkivert 2008-09-25 ved Wayback Machine., Information on the dam and reservoar from the Swiss Committee on Dams.
  2. Luzzone Dam hos Structurae, Information on the dam and reservoar.
  3. 540-foot-tall man-made climbing wall, Description, photos, and video of the climbing holds on the dam.