Lagunen Storsenter
Lagunen Storsenter som ligg i bydelen Fana i Bergen i Laguneveien 1 er det største kjøpesenteret i Noreg målt i omsetning. Kjøpesenteret blei opna 7. september 1985 og har i dag over 180 butikkar. Kjøpesenteret og Laguneparken har over 100 000 besøkande kvar veke,[1] det vil seia omtrent 6 millionar besøkande kvart år.
Lagunen Storsenter | |||
| |||
Offisielt namn | Lagunen Storsenter | ||
---|---|---|---|
Adresse | Laguneveien 1 5239 Rådal | ||
Opna | 7. september 1985 | ||
Etasjar | 2 | ||
Butikkar | 135 | ||
Parkering | 2 000 | ||
Lagunen Storsenter 60°17′45″N 5°19′45″E / 60.29583333°N 5.32916667°E |
Der er 2 200 parkeringsplassar, der 700 plasser i parkeringshus. Laguneparken hadde i 2007 ein omsetning på 2,540 milliardar kroner. Ambisjonane til Lagunen i 2008 er å runde kr. 2,6 milliardar i omsetning. Lagunen består totalt av ca. 75 000 kvadratmeter bygningsmasse fordelt på ca 170 mål tomteareal. Utviklinga av området vert styrt gjennom selskapa Lagunen AS og Lagunen Eiendom AS. Grunnlegginga av Lagunen blei gjort av Nordås industrier A/S med arkitekt Jan Olav Reither og bygd der lokala deira tidlegare stod.[2] Selskapet er i dag ein del av Olav Thon Gruppen. Bybanen i Bergen går forbi Lagunen på strekninga frå sentrum til Bergen lufthamn, Flesland.
Kjelder
endre- ↑ «Om senteret», Lagunen Storsenter (på norsk), henta 21. oktober 2020
- ↑ Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.