Bybanen i Bergen (Bybanen) er ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen, bygd etter bybanestandard. Førebels har bybanen berre ei line, men det ligg føre planar om å bygge ut eit vidtfemnande linenett etter kvart. Det er offisielt vedteke at namnet på dette kollektivsystemet skal vere Bybanen i Bergen.

Bybanen i Bergen
Bybanen

Transporttype Bybane
Stad Bergen i Noreg
Opna 22. juni 2010
Opna av Sonja av Noreg
Drift
Eigar Hordaland fylkeskommune gjennom Bybanen AS
Operatør Fjord1 Partner på vegner av Skyss
Sporlengde 20,4 km
Sporvidde 1 435 mm
Elektrifisering køyreleidning 750 volt
Linjer 1
Stasjonar 20
Passasjertal 31 000 dagleg
Vognmateriell
Vognar 12
Lengd 32,2 m
Breidde 2,65 m
Høgd 3,5 m
Vekt 40 tonn
Høgste fart 80 km/t
Høgste fart i drift 70 km/t
Passasjerar 212

Vedtaket om bygging av ei bybaneline frå sentrum mot Nesttun og deretter vidare til Bergen lufthamn Flesland over Sandsli og Kokstad vart gjort i 2000. Bygginga av fyrste byggesteget, strekninga mellom sentrum og Nesttun, tok til i januar 2008, og banen vart høgtideleg opna av dronning Sonja for ordinær trafikk 22. juni 2010. Andre byggesteget, frå Nesttun til Lagunen, opna 21. juni 2013. Tredje byggesteget, frå Lagunen til Bergen lufhamn Flesland opna fram til Birkelandsskiftet 15. august 2016, og fram til Flesland 22. april 2017. Bybanen fekk 5. oktober 2011 prisen som Worldwide Project of the Year av Light Rail Transit Association i London, Storbritannia og i 2012 Vakre vegers pris.

Standarden på linenettet endre

Bybanen i Bergen går stort sett i gateplan og i eigen trasé i bygatene inne i sjølve byen, men elles som eigen bane. Dette gjer det mogleg med raske og store sporvogner, og togsetta er 32 meter lange og har plass til 212 personar. Men av di det er etter måten mange kryssingar mellom banen og gater og vegar, og mellom banen og avkøyringar til eigedomar frå gater og vegar, kan marsjfarta ikkje alltid vere så høg som sporvognene er meint å køyrast i. Reisetida på den 9,8 kilometer lange strekninga mellom sentrum og Nesttun er ifylgje rutetabellen 25 minutt, og i gågata i Nesttun går sporvognene i sniglefart. På strekninga frå Lagunen til flyplassen er det ingen plankryssingar med køyreveg, og her vert det nytta høgste fart, 70 km/t.

Særskilde trafikkreglar gjeld for bybanen i høve til den andre trafikken på gater og vegar, slik det går fram av føresegnene for trikk og bane i dei generelle trafikkreglane. Annan trafikk har vikeplikt for toga på bybanen, medan bybanen korkje har vikeplikt for syklistar, bilistar eller gåande, sjølv ikkje for gåande i gangfelt. Ein informasjonskampanje om dette vart sett i gang i samband med at bybanen vart sett i drift. Det skjedde likevel nokre uhell i den fyrste tida bybanen gjekk i bergensgatene, men ingen av dei var alvorlege. Eit av uhella råka berre Bybanen. Under køyreopplæring femten dagar før opninga av banen, 7. juni 2010, kolliderte to av vognsetta i låg fart i eit kryssingsspor ved endestoppet nær Byparken i Bergen sentrum. Ingen personar vart skada, men begge vognsetta fekk skader; det eine av dei så store skader at det ikkje kunne nyttast i lang tid etterpå.

Frå 24. mars til 2. april 2011 var Fageråstunnelen stengd fordi ein av køyreledningane måtte utbetrast. Banen gjekk som normalt frå Byparken til Wergeland.[1]

Historie endre

 
Bybanen i Bergen den fyrste dagen med passasjerar
Foto: Nina Aldin Thune
 
Bybanen på veg til Byparken med dronning Sonja som fyrste offisielle passasjer
 
Kronstad haldeplass
 
Bybanen i Bergen under bygging

Framlegg om å byggje bybane i Bergen vart fyrst gjort allereie då drabantbyane rundt byen oppstod på slutten av 1960-talet og 1970-talet. Den fremste talsmannen var då NKP-politikaren, seinare SV-politikaren, Bjørn Gullachsen. Men det vart ikkje noko av framlegga. Ikkje før på slutten av 1980-talet, med aukande trafikkproblem og som fåfengt vart freista løyst med nye, storslegne vegutbyggingar, vart ideane fremja på nytt, med miljørørsla, einskilde politikarar, og bergenskjendisar som forfattarane Gunnar Staalesen og Erling Gjelsvik, i brodden. I 2000 vedtok bystyret, mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet, å byggje bybanen dersom finansiering kom på plass. Hausten 2005 vart prosjektet vedteke etter å ha vorte del av Nasjonal transportplan, ein plan for transporten i Noreg som vert vedteke av Stortinget for ti år og revidert før stortingsvalet kvart fjerde år. Også i 2005 vart vedtaket om bygginga av bybanen gjort mot røystene til Framstegspartiet. Kort tid etter tok byggearbeidet til.

Prosjektet hadde vore kontroversielt lenge. Kritikarane frykta mellom anna at bybanen ville verte eit pengesluk som vil føre til svakare kollektivtilbod i dei store områda der banen ikkje var til nytte. I 2006 starta ei gruppe kritikarar ein underskriftskampanje med krav om å leggje prosjektet fram for folkerøysting. Då partiet Høgre valde å gå mot dette, vart kravet avvist, enno ein gong mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet. Gaia Trafikk, som stod for busstransporten i Bergen på denne tida, gjorde eit fåfengt framlegg om å byggje vegar for sporbuss, også kalla metrobuss, i staden for bybane.

Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på Flesland endre

Bybanen frå Bergen sentrum fram til Bergen lufthamn, Flesland var planlagt i tre byggesteg. Det første byggesteget var strekninga frå sentrum til Nesttun, som var ferdig i 2010, det andre var strekninga frå Nesttun til Rådal/Lagunen Storsenter, som var ferdig sommaren 2013, og det tredje, frå Lagunen til flyplassen, var ferdig og teke i bruk fram til Birkelandsskiftet terminal i august 2016, og heilt fram til Flesland haldeplass, som ligg under terminalen på flyplassen, i april 2017.

Byggesteg 1: Byparken – Nesttun endre

Bybanen på strekninga mellom Byparken i Bergen sentrum og Nesttun vart opna for vanleg trafikk den 22. juni 2010. Bygginga hadde teke til i januar 2008. Byggeprosessen var splitta i anbod, der åtte føretak hadde ansvaret for kvar si strekning. I desember 2009 var bygginga av sjølve banen ferdig, inklusive ei bru over sundet Straumen mellom Puddefjorden og Store Lungegårdsvann fire tunnelar. Traseen er 9,8 kilometer lang. Banen er bygd med med dobbeltspor heile vegen, slik at det til saman er lagt rundt 39,2 kilometer med skjener.

Totale kostnader for fyrste byggesteget var rekna til 2 200 millionar 2007-kroner.

Byggesteg 2: Nesttun – Lagunen endre

Reguleringsplanen for traseen mellom Nesttun og Rådal/Lagunen vart godkjend i bystyret våren 2008. Dei førebuande byggearbeida byrja sommaren 2010. Sjølve byggearbeidet starta 7. januar 2011. Regjeringa gjorde 26. mars 2010 vedtak om at bompengeordninga for innfartsvegane kan halde fram, slik at byggetrinn 2 til Rådal/Lagunen kan finansieras. Investeringane blir jamt delte mellom fylkeskommunen og ved bompengefinansieringa. Ei fråsegn frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa tyder på at det kan verte ein føresetnad for statleg stønad at Bergen kommune sett i verk køprising på innfartsvegane, det vil seie at bompengetakstane for køyring inn til sentrum vert høgare enn elles i dei tidene på døgeret då trafikken er størst: "I den grada Bergen oppfyller vilkåra for middel frå Belønningsordningen kan desse midla nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil likevel stille strenge krav til trafikkregulerende tiltak for tildeling av belønningsmidler."

Byggesteg 2 vart ferdig sommaren 2013.

Byggesteg 3: Lagunen – Flesland endre

Byggjearbeidet på lina frå Lagunen til Bergen lufthamn Flesland vara til sumaren 2013, og vart for det meste ferdig august 2016. Men sidan dei ikkje rekte å byggje ferdig til den nye terminalbygninga på flyplassen, opna banen berre fram til Birkelandsskiftet terminal for ordinær trafikk 15. august 2016. Her er bybanehaldeplassen kombinert med ein terminal for rutebussar, og passasjerane måtte nytte buss på resten av strekninga. Banen opna for ordinær trafikk 22. april 2017 heilt fram til flyplassen.

Mellom Lagunen og flyplassen er det 6,81 kilometer dobbeltspor og sju haldeplassar: Råstølen, Sandslivegen, Sandslimarka, Kokstad, Birkelandskiftet, Kokstadflaten og Bergen lufthamn Flesland. På strekninga er det seks tunnelar, tre bruer, seks kulvertar og tre gangbruer. Krysningar av køyrevegane er planfrie, men det er overgangar for fotgjengarar langs banen, særleg i samband med haldeplassane. Mellom haldeplassane går Bybanen med si høgste fart på denne strekninga, som er på 70 kilometer i timen.

I samband med bygginga av strekninga frå Lagunen til Bergen lufthavn vart det bygd ein permanent verkstad med depot på Kokstad, ikkje langt frå endehaldeplassen på Bergen lufthamn Flesland. Her er det plass til 50 vogner med ei lengd på 42 meter kvar, og dette er nok til å dekkje ei utviding av bybanenettet med inntil 40 kilometer. Her er det testspor, vognhall på 10 000 m², verkstad, vaskehall, lager, kontor, til saman 22 000 m² med bygningar. Omlag 50 vil ha arbeid her.

Vognmateriell endre

Vognene på bybanen er av typen Variobahn frå tyske Stadler Pankow. Kvart av vognsetta har totalt 212 plassar; av dette er 84 sitteplassar. Vognsettet kan forlengast med 10 m, og dette er førebudd både teknisk og avtalemessig. Til byggesteg 1 er det levert 12 vogner. For byggesteg 2 frå Nesttun til Lagunen er det planlagt med fire vognsett i tillegg. Kontrakten inneheld ein opsjon på ytterlegare 20 vognsett. Bybanen vil ha trådlaust Internett for passasjerane.

Tekniske data:

Lengd: 32,2 m Breidde: 2,65 m Høgd: 3,5 m Vekt: 40 tonn Høgste fart: 80 km/t (maks 70 km/t i drift) Vognsetta er bygd som leddvogner, utan skiljevegger mellom dei partene vognsetta er sett saman av. Det er førarplass i kvar ende av vognsetta, og soleis ikkje bygd sporsløyfer ved endestasjonane.

Drift endre

Hordaland fylkeskommune ved sitt kollektivtransportselskap Skyss har det overordna ansvaret for drifta av Bybanen, og sett i 2008 drifta ut på anbud. Det skulle konkurrerast om ein driftskontrakt på 7 år, med høve til to års forlenging. Kontrakten skulle inkludere drift av Bybanen og dessutan trafikkstyring. Drift og vedlikehald av infrastrukturen og forvaltning av rullande materiell (gjennom ein vedlikehaldsavtale med vognleverandøren Stadler Pankow GmbH) vil bli gjort av eit eige fylkeskommunalt selskap som vil heite Bybanen AS. Bybanen AS vil vere Hordaland fylkast parallell til Jernbaneverket. Ved utløpet av fristen 16. desember 2008 hadde følgjande fire leverandørar levert inn tilbod på drift av Bybanen:

  • Fjord1 Partnar AS
  • NSB AS
  • Tide Bane AS
  • Veolia Transport Noreg AS

Fjord1 Partnar vann til slutt anbudet, og må saman med Bybanen AS, ha dei naudsynte løyva frå Statens jernbanetilsyn.

Prognosen for talet på passasjerar for Bybanen på strekninga Sentrum-Nesttun er 13,5 - 16,5 mill (45 000 pr. arbeidsdag) i 2015. Med ein gjennomsnittsfart på 27 km/t mellom sentrum og Nesttun blir reisetida 21 minutt. Gjennomssnittsfarten mellom Nesttun og Lagunen er utrekna til 33 km/t.

Stasjonar endre

Stasjonene og den visuelle profilen til Bybanen er utforma av CUBUS, Fuggi Baggi Designar og Kontrapunkt. Stasjonane på B1 og B2 ligg på gatenivå, og har billettautomatar og dynamiske skjermar som syner når toga kjem. Plattformene er på nivå med golvet i vognene, slik at passasjerar i rullestol eller med barnevogn kan kome seg lett på og av. Stasjonane er dimensjonert for 44 m lange vognsett, men førebels er vognsetta hovudsakleg 32 meter lange.

Bergen kommune har tillate tettare utbygging rundt stasjonane, og vil at dei fleste nye bustadene i desse delane av Bergen skal byggjast i tilknytnad til banen. Utbyggingsprosjekt for områda kring stoppestadene Slettebakken, Wergeland, Paradis og Lagunen har vorte annonserte av private utviklarar. Mange av stoppestadene ligg i bustadområde, og prosjekta har møtt mykje motstand frå folk som fryktar at nabolaga deira vil bli radikalt endra.

I vognene vert kvar stasjon annonsert med ein eigen melodisnutt laga av musikar og stortingsrepresentant Snorre Valen. Melodiane er tilknytte stasjonane. [1]

Linjekart endre

 
Linjekart

Førebels linjekart for 1., 2. og 3. byggesteg.

Teiknforklaring
  Byparken
  Christies gate
 
  17. mai-pensen
  Strømgaten
    Nonneseter Bergen stasjon
  Østre Strømkaien
      Bystasjonen
    Fjøsangervegen
  Nygårdsgaten/Lars Hilles gate
  Nygård
  Fv256 Nygårdsgaten/Fv272 Thormøhlens gate
  Florida
  Fv256 Nygårdsgaten
  Nygårdsbroen
  Møllendalsveien
  Fv255 Ibsens gate
  Danmarksplass
  582N Bjørnsons gate
  582N Inndalsveien/Bjørnsons gate
      Bybanen testspor
      Kronstad depot
      Vossabanen
  Kronstad
  582N Inndalsveien
  Brann stadion
  582N Inndalsveien
  Wergeland
  Fageråstunnelen (663 m) Fv252 Hagerups vei
  Fageråstunnelen (663 m)
  Wiers-Jenssens vei
    Sletten
  Slettebakken
  Slettebakkstunnelen (412 m)
  Fantoft
  Fantofttunnelen (1 107 m) 585 Sandbrekkevegen
  Fantofttunnelen (1 107 m)
    Paradis
  Tjernvegen
  Tveiteråstunnelen (443 m)
  Nesttunvassdraget
  Hop
    Fråsettingsspor etablert i byggesteg 2
  Sanddalsvegen
      9,8 km Nesttun
  byggesteg 1 (opna 22. juni 2010)
byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
  10,2 km Nesttun sentrum
  Gamle Vossabanen (nedlagt)
  Nesttunhaugtunnelen (450 m)
    10,9 km Skjoldskiftet stasjon på bru over 582 Fanavegen
  11,4 km Mårdalen
  Skjoldtunnelen (400 m)
    12,3 km Skjold
  Sætervegen
      13,2 km Lagunen
    Fanavegen
  byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
byggesteg 3
  Folldalstunnelen
    Råstølen
  Steinsviktunnellen
  Steinsvikvegen
  Feråstunnelen
    Sandslivegen
  Sandslimarka
  Sandslitunnelen
  Ytrebygdsvegen
  Kokstad
    Flyplassvegen
      Birkelandsskiftet
    Flyplassvegen
  Birkelandsskiftet
   
    Kokstadflaten
  Fleslandtunnelen
      Flesland haldeplass Bergen lufthamn, Flesland
  Vendespor

Vidare utviding endre

Bergensprogrammet, vedteke i Stortinget 2002, stadfestar at banen fyrst skal byggjast frå Bergen sentrum til Nesttun, og vidare fram mot Flesland i ein neste runde.

Det er under planlegging ei ny banestrekning frå Åsane(nord for Bergen sentrum) via Kronstad til Kristianborg, gjennom fjellet Løvstakken til Oasen i Fyllingsdalen (vest for Bergen sentrum). Kommunen har òg presentert meir ambisiøse planar der linja blir utvida frå Fyllingsdalen til Loddefjord, med ytterlegare høve til utvidingar både nordover og vestover til nabokommunane.

Spørsmålet om kor langt bybanen skal gå var ei viktig valkampssak under kommunevalkampane i Bergen i 2003 og 2007. Då Frp gjekk til val på motstand mot bybanen og kom inn i byrådet hausten 2007, vart det tvilsamt om bybanen ville gå lengre enn til Nesttun. Men etter forhandlingar med byrådskompanjongane KrF og Høgre gav Frp seg på dette, og byrådet går no inn for full utbygging fram til Flesland. Frp trekte seg i 2009 frå byrådssamarbeidet fordi Frp sitt landsmøte nektar Frp lokalt å røyste for auka bompengefinansiering. Ansvaret for bybaneutbygginga vart i 2007 flytta frå Bergen kommune til Hordaland fylkeskommune.

NSB har for eiga rekning lagt fram planar om ein jarnbane frå Bergen sentrum om Fyllingsdalen til Flesland. Jernbaneverket arbeider med planar om ei godstoglinje mellom Bergen sentrum og Flesland.

Prisar endre

  • 2011: Worldwide Project of the Year[2]
  • 2011: Light Rail Awards i kategorien årets prosjekt[3]
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[4]
  • 2012: Vakre vegers pris[5]
  • 2012: Kollektivtrafikkprisen[6]
  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[7]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bybanen i Bergen

Kjelder endre

  1. Bybane-arbeid ferdig før antatt
  2. Look to Norway - og Bybanen, arkivert frå originalen 17. desember 2014, henta 11. juli 2012 
  3. «Her er verdens beste bybane» (på norsk). Bergensavisen. 8. oktober 2011. Henta 1. desember 2012. 
  4. «Norges vakreste» (på norsk). Bergensavisen. 3. mars 2012. Henta 1. desember 2012. 
  5. Vakre vegers pris til Bybanen, arkivert frå originalen 17. desember 2014, henta 11. juli 2012 
  6. «Bybanen fikk Kollektivtrafikkprisen» (på norsk). Bergensavisen. 22. november 2012. Henta 22. november 2012. 
  7. «Får pris for vakker Bybane» (på norsk). Bergensavisen. 30. november 2012. Henta 1. desember 2012.