Lahav (hebraisk skrift לַהַב, tyder Knivblad) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg kring 20 km nord for Beersheba og dekkjer 33 000 mål og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 384 innbyggjarar.

Lahav
לַהַב
kibbutz
Namneopphav: Knivblad
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Bnei Shimon
Koordinatar 31°22′41.87″N 34°52′13.43″E / 31.3782972°N 34.8703972°E / 31.3782972; 34.8703972
Folketal 469 (2015)
Grunnlagd 1952
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Lahav
31°22′42″N 34°52′13″E / 31.378297222222°N 34.870397222222°E / 31.378297222222; 34.870397222222
Wikimedia Commons: Lahav

Historie endre

Kibbutzen vart grunnlagd i 1952 og heitte først Tziklag (hebraisk skrift צקלג) etter den bibelske byen Ziklag, som ein trur låg i nærleiken. Nybyggjarane var ikkje sikre på om dei skulle slå seg ned i Negev eller Galilea, men aksepterte avgjersla til styresmaktene om å slå seg ned på Tel Halif i Negev. Etter nokre år skifta kibbutzen namn til ære for Nahal-gruppa som grunnla han.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre