Opna hovudmenyen
Viru-myra i Lahemaa
Frå kysten av Lahemaa

Lahemaa er ein nasjonalpark i det nordlege Estland ved Finskebukta, om lag 70 km aust for hovudstaden Tallinn.

Parken vart opretta i 1971, som den fyrste i både Estland og dåverande Sovjetunionen. Parkarealet har seinare vorte utvida mot sør, slik at det i dag dekker 747 km², 2/3 land og 1/3 vatn.

Nasjonalparken omfattar naturtypar som urskog, vatn og grøver. Her finst både fiskarlandsbyar, eldre gods og herregardar; Palmse, Sagadi, Vihula og Kolk. Av fuglelivet kan nemnast svartstork og traner, og av pattedyr finst både bjørn, ulv og gaupe, medan laks og aure gyter i elvane.

Folk kan plukke bær og sanke sopp.

KjelderEndra