Gaupe
Gaupe (Lynx lynx eller Felis lynx) er eit kattedyr som er utbreidd både i Europa og Asia. Gaupa høyrer til kattefamilien og er mellom dei rovdyra som står øvst i matkjeda. Det finst ni kjende underartar, men ikkje alle vert internasjonalt anerkjende. Gaupa er det einaste viltlevande kattedyret i Skandinavia.
Gaupe | |
Gaupe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av gaupe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Slekt: | Lynx |
Art: | Gaupe L. lynx |
Vitskapleg namn | |
Lynx lynx |
Skildring
endreGaupa vert gjerne 80-130 cm lang, målt frå nasetipp til halerot, med tillegg av ein ca. 11-25 cm lang hale. Mankehøgda hos vaksne dyr varierer frå 50-70 cm og vekta ligg normalt på ca. 13-35 kg hos vaksne individ. I Noreg, Sverige og Finland vert gjerne hanngaupa ca. 18-26 kg, mens hogaupa vert ca. 13-18 kg (Gaupe og rådyrprosjektet i Noreg). Gaupa har eit ganske rundt hovud, spisse små øyre, og ein etter måten kvadratisk kropp til katt å vere, der bakkroppen er steil. Pelsen varierer frå gul til gråbrun med mørke flekker eller striper. Flekkene varierer frå område til område. Halen er kort og har svart haletipp. Gaupe har eit utprega skjegg. Dei har lange bein og mykje hår rundt potane, noko som er eit resultat av tilpassing til eit kaldt klima.
Gaupa har godt syn og god høyrsel. I vill tilstand lever ho gjerne til den vert 10-12 år gammal, sjølv om det finst gauper som har vorte heile 24 år gamle.
Utbreiing
endreDet opphavlege utbreiingsområdet strekte seg frå Pyreneane i sør over eit breitt belte til Aust-Sibir i nordaust, i tillegg til det nordvestlege Europa. På 1960-talet vart gaupa utrydda i store delar av Vest-Europa. I Noreg vart ho nesten utrydda dei første tiåra på 1900-talet, men bestanden tok seg opp att utover på 1950-talet og 1960-talet. I dag har gaupa på nytt byrja å erobre skog- og fjelltraktene på kontinentet, godt hjelpt av mennesket. I 2002 kom dei første kulla til verda i Tyskland.
Gaupe i Noreg
endreGaupe finst i dag i faste bestandar over heile fastlands-Noreg, med unnatak av vestlandsfylka der førekomsten er meir sporadisk. Frå 1996 til 2004 vart gaupebestanden på landsbasis redusert med ca. 40 %, frå ein minimum totalbestand på 370-410 gauper i 1996 til ca. 250 gauper før jakta i 2004. Før jakta i 2004 var det registrert minimum 42-44 familiegrupper av gaupe i Noreg. Mot slutten av 1970-talet inntok gaupa òg område der ho tidlegare ikkje hadde vore, og etablering av reproduserande gaupe i Finnmark skjedde truleg så seint som i 1980 (Direktoratet for naturforvaltning, 2005). Etter at jaktkvoten minska, har bestanden av gaupe teke seg noko opp og vert no forventa (ved inngangen til 2005) å vere på noko over 300 dyr. Den totale bestanden av gaupe i Noreg, Sverige og Finland er truleg på over 3.000 dyr.
Levesett
endreGaupa er ein einsam smygjeger som trivst best åleine, eit typisk skogsdyr, som berre unnataksvis beveger seg i ope lende eller i nærleiken av menneske. Ho jagar for det meste i skumringa og om natta. Små og mellomstore klauvdyr er typiske byttedyr, spesielt rådyr. Gaupa forsyner seg òg av sau i utmark, der slike dyr er tilgjengeleg.
Når byttedyret er oppdaga freistar ho å smyge seg inn på det for å avlive byttet. Store byttedyr vert gjerne drepne med strupebitt, medan mindre dyr vert bitne over nakken. Vaksne gauper ferdast stort sett aleine, bortsett frå i paringstida.
Reproduksjon
endreHoer og hannar treffer kvarandre berre under paringstida, som gjerne finn stad i perioden februar-april. Etter omtrent 10 veker kjem ungane til verda, i ei hole. Kulla består vanlegvis av 2-3 ungar. Dei lever av morsmjølk fram til desember (Noreg), men et gjerne fast føde frå dei er eit par månader gamle. Ungane treng lang tid saman med mora for å lære smygjakt. Først når dei er 8-9 månader gamle meistrar ungane teknikken. Hogaupa og ungane er saman nesten heilt til neste kull kjem.
Systematikk
endre- Art: Lynx lynx (gaupe)
- Underart: Lynx lynx carpathicus (Karpatane)
- Underart: Lynx lynx dinniki (Kaukasusfjella i Tyrkia og Nord-Iran)
- Underart: Lynx lynx isabellinus (Kina, Nepal, Pakistan, Kasakhstan)
- Underart: Lynx lynx kozlovi Nord-Mongolia og Sør-Sibir)
- Underart: Lynx lynx lynx (Finland, Noreg, Sverige, Estland, Latvia, Litauen, Vest-Russland og delar av Sibir, Kviterussland, Nord-Ukraina)
- Underart: Lynx lynx martinoi (Balkan)
- Underart: Lynx lynx stroganovi (Aust-Sibir og Nordaust-Kina)
- Underart: Lynx lynx wardi (Sørvest-Mongolia og Sør-Sibir)
- Underart: Lynx lynx wrangeli (Aust-Sibir)
Anna
endreI 2015 fekk gaupa endra vernestatusen frå Sårbar, VU (Vulnerable) til Sterkt truga, EN (Endangered) på den norske raudlista.[1][2]
Kjelder
endre- ↑ Ønsker din kunnskap om rødlista arter, Nettside hos NRK Trøndelag, henta 8. februar 2016
- ↑ Faktark, Lynx lynx (Linnaeus, 1758) Arkivert 2015-12-22 ved Wayback Machine., Norsk raudliste for artar 2015, Artsdatabanken
Bakgrunnsstoff
endre- Det skandinaviske gaupeprosjektet
- Globale gauper Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine.
- Informasjon frå Vildkattgruppa til IUCN
- Eurasian Lynx Online Information System for Europe - ELOIS Arkivert 2011-02-04 ved Wayback Machine.
- (no) gaupe hos Artsdatabanken
- (en) gaupe i Encyclopedia of Life
- (en) gaupe i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) gaupe hos Dyntaxa
- (en) gaupe hos Fauna Europaea
- (en) gaupe hos Fossilworks
- (en) gaupe hos ITIS
- (en) gaupe hos NCBI
- (en) Kategori:Lynx lynx – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Lynx lynx – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lynx lynx – detaljert informasjon på Wikispecies