Laisan
Laisan er ein lang og smal innsjø i Arjeplog kommun i Norrbottens län i Sverige. Innsjøen ligg 424 meter over havet, og er 35 km lang.[3] Gjennom han flyt Laisälven. Ved austsida av Laisan ligg Laisvall og Laisvallby, og på motsett side ligg Västra Laisvall og Gidde.
Laisan | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Fylke | Norrbottens län | ||
Kommune | Arjeplog | ||
Nedslagsfelt | 1 773,011[1] km² | ||
Høgd over havet | 419.4[2] moh. | ||
Areal | 27,5 298[2] km² | ||
Laisan 66°08′02″N 17°07′16″E / 66.13384°N 17.12117°E |
I Laisan finst det abbor, harr, røye, sik og aure. Sjøen er kjend for harrfiske.[4]
Sjøen har ein økologisk status som «god», men er påverka av noko kjemisk forureining.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Laisan» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2012 og 22. september 2019.
- Referansar
- ↑ «Modelldata per område». SMHI Vattenwebb. Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut. Henta 7. desember 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Sjöareal och sjöhöjd» (PDF). Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut. Henta 7. desember 2018.
- ↑ «Kartsök och ortnamn». Lantmäteriet. Henta 6. desember 2018.
- ↑ «Jaisan, Lájsso». Cinclus C. Henta 6. desember 2018.
- ↑ «Ullvettern». Vatteninformationssystem Sverige. Länsstyrelserna. Henta 6. desember 2018.