Harr
Harr
Harr
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Slekt: Thymallus
Art: Harr T. thymallus
Vitskapleg namn
Thymallus thymallus

Harr (Thymallus thymallus) er ein fisk i laksefamilien. Han er spreidd utbreidd i Europa frå Uralfjella til Storbritannia. I Noreg finst han først og fremst i nord, i tillegg til somme vassdrag i Trøndelag og på Austlandet.

Kjenneteikn endre

Harren er lett å kjenne att på den lange og høge ryggfinna. Han er ein slank fisk med gråblank kropp og store skjel med mørke kantar. Snuta er spiss og litt flattrykt, med overbitt kjeft.

I Noreg kan han bli opp til 60 cm lang og vege 3,5 kilo. Den største registrerte vekta internasjonalt var heile 6,7 kg.

Levesett endre

Harr lever i rennande vatn og innsjøar, ofte på ganske grunt vatn. Ofte finst arten i dei same miljøa som aure, sjølv om han helst vil ha litt svakare straum i vatnet. Merkingsforsøk har vist at dei gjer lange næringsvandringar langsetter faste rutar i vassdraget sitt. Harr lever hovudsakleg av botnlevande insekt, men òg ein del krepsdyr og blautdyr. Om sommaren er dessutan ofte òg overflateinsekt viktige.

Harren gyter om våren på grusbotn i rennande vatn. Hannen hevdar revir i storleiksområde frå nokre få kvadratmeter til bortimot 20 m², avhengig av korleis botnen ser ut. Det er plass til flest gyteplassar i kupert terreng, sidan hannane der ikkje naudvendigvis ser kvarandre like godt. Den territoriale åtferda er i stor grad avhengig av kroppsspråk og visuelle signal, og skjer oftast om dagen.

Gytande harr er særs aggressive mot kvarandre, uansett kjønn. Hannane og hoene utkjempar fleire rituelle kampar før dei endeleg gyter. Det vert ikkje greve nokon gytegrop, men hoa grev seg ned før ho slepp ut rogna si. Båe kjønn gyter med fleire partnarar.

Etter om lag tre veker klekker dei om lag 15 mm lange larvane or egga. Dei veks fort på ein diett av dyreplankton, og vert kjønnsmogne etter om lag 5-6 år.

Kjelder endre