Lamarckisme, eller lamarckisk evolusjon, er ei utviklingslære som meiner evolusjon foregår ved at tileigna eigenskapar går i arv. Teorien har fått namnet sitt etter den franske biologen Jean-Baptiste Lamarck, som populariserte han tidleg på 1800-talet.

Sjiraffhalsen er det mest brukte dømet som vert brukt til å forklara lamarckismen

Teori

endre

Lamarck baserte teorien sin på to observasjonar som, i det minste i samtida, vart rekna som sanne.

1. Bruk og misbruk: Individ mistar trekk dei ikkje brukar og utviklar nye, praktiske trekk

2. Arv: Trekk som eit individ har tileigna seg, kan førast vidare til neste generasjon.

Det mest brukte dømet for å forklara lamarckismen er det om halsen til sjiraffen. Lamarck meinte dei lange halsane var eit resultat av at kort-halsa ur-sjiraffar hadde strekt på seg for å nå blad i høge tre, og at denne strekkinga hadde halde seg gjennom generasjonane.

Lamarckisme i dag

endre

Den klassiske lamarckismen har vorte motbevist grundig, både gjennom forsøk og observasjonar. Ein mann som har fått amputert eit bein vil t.d. framleis kunne få avkom med begge beina i behald. Frå og med nydarwinismen har dei fleste biologar meint at evolusjonen skjer gjennom naturleg utval av tilfeldige mutasjonar.

Lamarckisme i mikroorganismar

endre

Forskarar har observert arv av tileigna eigenskapar hjå somme mikroorganismar, m.a. hjå prion i gjær.

Baldwinsk evolusjon

endre

Baldwinsk evolusjon (etter psykologen James Mark Baldwin) seier at individ som er genetisk disponerte for å kunne læra seg visse eigenskapar får høgare sjanse for å overleva, og såleis at den genetiske evolusjonen ved somme høve kan la seg påverka av livsførselen til individa. Dette prinsippet har derimot alltid vore kontroversielt.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.