Lambayeque-regionen

Lambayeque (spansk Región Lambayeque, quechua Lanpalliqi suyu) er ein region i det nordvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Piura-regionen i nord, mot Cajamarca-regionen i søraust, og Libertad-regionen i sør. Folkesetnaden var 1,2 millionar i 2017, arealet er 14 231 km². Hovudstaden er Chiclayo.

Lambayeque
Lanpalliqi
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Hovudstad Chiclayo
Areal 14 231 km²
Folketal 1 197 260 (2017)[1]
Kart
Lambayeque-regionen
6°26′00″S 79°52′00″W / 6.4333333333333°S 79.866666666667°W / -6.4333333333333; -79.866666666667
Wikimedia Commons: Lambayeque Region

Historie

endre

Etter legenda kom framande flåtar og la til i San José-bukta. Ein prosesjon av krigarar leidd av ein mann med stort mot og talent, Naylamp, grunnla ein sivilisasjon. Desse vert rekna for å vere grunnleggjarane av den store Chimú-sivilisasjonen. Men før det var delar av regionen påverka av Moche-kulturen.

Regionen har eit vidt dalføre kalla Lambayeque-dalen. Fleire arkeologiske stader vitnar om utvikling av kjente sivilisasjonar som Moche og Chimú. Mange reknar òg Lambayeque som ein distinkt kultur etter Moche-periodens slutt fram til området vart erobra av Chimu-sivilisasjonen (700–1350). Lambayeque-kulturen er òg kjent som Sicán. Kjente arkeologiske stader er Túcume, Pampa Grande, Batán Grande og Sipán. Dei ligg ikkje langt frå Chiclayo.

Fram til omtrent 700–750 e.Kr. var dalen dominert av Moche som har late etter seg pottemakarkunst, gull- og sølvprodukt. Mot slutten av denne tida var Pampa Grande det viktige sentrum. Batán Grande sin mektige periode var 900–1100. Staden har vore prega av plyndring heilt fram til 1900-talet, somme meiner at det meste av gullet ein finn rundt i musea i Peru kjem nettopp herifrå. Ca år 1100 brann ein viktig pyramide og Batán Grande blei forlate. Det gav rom for sivilisasjonen i Túcume som hadde sin store periode frå ca 1000 til 1300. Túcume vart erobra av Chimú i 1350 som dominerte fram til 1470 då heile Chimú-riket med Lambayeque vart teken av inkaene.

Erobringa av Lambayeque føregjekk i nesten 4 tiår, både Pachacútec, Túpac Yupanqui og Huayna Cápac var blanda inn.

Francisco Pizarro kryssa regionen på veg mot Cajamarca. Han var forbausa over det han fekk sjå av gull i vasar og reiskapar.

I kolonitida starta ei rivalisering mellom folk i byane Lambayeque og Santiago de Miraflores de Saña. Årsaka til konflikten var velstanden i Saña. Ein flod i 1720 utsletta den blomstrande byen Saña. I striden for emansipasjon og sjølvstende frå Spania følgde Lambayeque leiaren Juan Manuel Iturregui.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Lambayeque-regionen