Lambeg
Lambeg (historisk Lanbeg, Lann Bheag, 'lita kyrkje')[1] er ein liten landsby og kommune (civil parish) i County Antrim i Nord-Irland. Han ligg mellom Belfast og Lisburn, opphavleg på landsbygda, men no som del av Stor-Belfast. Ved folketeljinga i 2011 hadde valdistriktet Lambeg 2 737 innbyggjarar.[2] Kommunen dekkjer delar av både County Down og County Antrim.[3]
Lambeg | |||
landsby, kommune | |||
Land | Nord-Irland, Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Antrim, County Down | ||
Folketal | 2 737 (2011) | ||
Lambeg 54°31′35″N 6°02′17″W / 54.5264°N 6.03816°W | |||
Wikimedia Commons: Lambeg, County Antrim |
Lambeg er kjend som opphav til namnet på Lambeg-tromma. Ulike forklaringar på dette skal vera at denne trommetypen først blei laga i Lambeg, eller at det var her ein byrja slå på tromma med bøygde stenger.[4]
Kyrkjestaden til soknekyrkja i Lambeg går tilbak til 1200-talet. Det var opphavleg eit fransiskansk kloster her, og seinare eit nonnekloster.[5] Størstedelen delar av kyrkja blei attbygd i 1849.[6]
Landsbyen ligg ved elva Lagan. Her blei det dyrka lin, og på 1600- og 1700-talet voks linindustrien til. Dette var ein viktig industri til han døydde ut ved midten av 1900-talet.[5]
Lambeg jernbanestasjon opna 1. september 1877.[7]
Galleri
endre-
Lambeg soknekyrkje (Church of Ireland)
-
Harmony Hill Presbyterian Church i Lambeg.
-
«John Wesley's beech trees», eit par bøketre John Wesley skal ha tvunne saman som eit symbol på venskapen mellom Metodistkyrkja og den anglikanske Church of Ireland.
-
Wolfenden's Bridge over elva Lagan.
-
Eit damptog frå Railway Preservation Society of Ireland går gjennom Lambeg jernbanestasjon
-
Eit tog til Portadown ved Lambeg jernbanestasjon.
Kjelder
endre- ↑ «Townland of Lambeg North». Placenames NI. Arkivert frå originalen 17. mars 2012.
- ↑ Agency, Northern Ireland Statistics and Research, «statistics», www.ninis2.nisra.gov.uk, henta 29. juli 2019
- ↑ «Parishes of Northern Ireland». Public Record Office of NI. Arkivert frå originalen 13. oktober 2013. Henta 1. januar 2013.
- ↑ Diana Atkinson, «Fife and Drum», www.fifeanddrum.co.uk, henta 29. juli 2019
- ↑ 5,0 5,1 «Down your way Lambeg | Lisburn.com», lisburn.com, henta 29. juli 2019
- ↑ «A History of Lambeg Parish Church», lambeg.connor.anglican.org, arkivert frå originalen 29. juli 2019, henta 29. juli 2019
- ↑ «Lambeg station» (PDF). Railscot - Irish Railways. Henta 28. august 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Lambeg, County Antrim» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2019.