Landskapsarkitektur
Landskapsarkitektur er planlegging og formgjeving av landskap til ulike føremål. Ein bruker landskapsarkitektur til å utforma offentlege område som veganlegg, parkar og friluftsområde, og privateigedom som hagar og uterom mellom bygningar. Hovudmål ved landskapsarkitekturen kan vera å gje eit godt livsmiljø og å endra eller oppretthalda dei estetiske eigenskapane til landskapet.
Kompetansen til ein landskapsakitket er samansett av formkunnskap og estetikk, plantekunnskap, material- og konstruksjonskunnskap, økologi og samfunnskunnskapar. Landskapsarkitektar som arbeider med prosjektering gjer det ofte i private kontor og teiknar for hand eller med dataprogram. Landskapsarbeid blir som regel sett ut på anbod for å utførast av entreprenør eller anleggsgartnar. Mange landskapsarkitektar arbeider òg i offentlege etatar med til dømes byggesaker og parkforvalting eller på eit meir overordna nivå med kulturlandskap og kulturminne, tettstadutvikling og skjøtsel av friområde og bynære naturområde.
Utdanning i Noreg
endreI Noreg finst landskapsarkitektutdanning på Noregs Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås ved Institutt for landskapsplanlegging. Det er den eldste landskapsarkitektutdanninga i Europas. Utdanninga er femårig og ein kan velje mellom 3 spesialiseringar: landskapsforming, landskapsplanlegging og landskapsforvalting.
I 2006 vart i tillegg dei første landskapsarkitektane ferdige frå Bergen Arkitektskole som gjev ei spesialisering under arkitektstudiet. I 2005 oppretta Arkitekthøgskolen i Oslo eit 2,5-årig mastergradsstudium i landskapsarkitektur som føreset minst 3 år med forkunnskapar innan faget eller nærskylde fag, som arkitektur eller byplanlegging.
Kjelder
endre- "Landskapsarkitektur" i Store Norske Leksikon Besøkt 30.12.2015
- Denne artikkelen bygger på «Landskapsarkitektur» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2010