Landslaget for språklig samling
Landslaget for språklig samling er ein organisasjon som arbeider for at det skal verta eit sams skriftspråk i Noreg. Ei nemning på dette skriftspråket er samnorsk, ein mellomting mellom nynorsk og bokmål. Organisasjonen vart stifta i 1959. Laget gjev ut bladet Språklig samling fire gonger for året. Laget har hatt medverknad i statleg språkplanlegging, mellom anna i kraft av to representantar i Norsk Språkråd, ein i bokmålsseksjonen og ein i nynorskseksjonen. Leiar er Ingunn Indrebø Ims (2011).