Landtoning

Landtoning er eit omgrep som vert brukt innan navigasjon. Ein landtoning er eit bilete av korleis silhuetten av landet ser ut, sett frå eit punkt på sjøen. Eldre sjøkart og bøker for navigasjon har ofte illustrasjonar som viser landtoning, til dømes kartet til Lucas Janszoon Waghenaer som viser norskekysten. Busetnad og særleg større bygningar er ofte ein del av landtoningen.

Sjøkartet til Waghenaer over strekninga Stavanger - Bergen. Øvst er teikna inn landtoninga, dei norske fjella sett frå havet.
Kartet til Waghenaer over norskekysten frå Merdø til Akerøy. På dette kartet ser ein Jomåsknutene i landtoningen øvst t.v.

Ein landtoning vil endra seg med lystilhøva og etter årstidene.

Eit lett gjenkjennelig parti i ein landtoning vert gjerne kalla ei landkjenning. Når eit skip har landkjenning, då har navigatøren ombord sett land og han har identifisert landet ved hjelp av ei landkjenning.[1]

I Henrik Ibsen-dikt Terje Vigen vert ein slik situasjon skildra. Terje ror frå Jylland og heim til Grimstad. Ein morgon ser han fjell med tindar og skar i horisonten - og så ser han «Imenæssadlen brei og blaa. Da kjendte han, hvor han var». Imenessadelen er ein stor og karakteristisk ås ved garden Imenes innanfor Grimstad.[2]

Jomåsknutene er ein anna mykje brukt landkjenning på Skagerrakkysten. Dette er tre lett kjennelige åsar i Froland. Dei er synlege 12 mil frå land, og er avmerka på hollandske sjøkart frå 1500-talet.[3]

Fjære kyrkje og Tromøy kyrkje vart òg brukt som sjømerke.[4]

Risørflekken er ein kvitkalka fjellknaus i Urheia over Risør hamn. Ein skal kunna sjå denne 12 mil frå land.[5]

KjelderEndra

  1. Kystens veivisere. Fyr, merking, losing og havner i Aust-Agder. Økomuseum Skagerrak. 1994
  2. Søk etter Imenessadelen ved Norgeskart.no
  3. Kystens veivisere. Fyr, merking, losing og havner i Aust-Agder. Økomuseum Skagerrak. 1994
  4. Kystens veivisere. Fyr, merking, losing og havner i Aust-Agder. Økomuseum Skagerrak. 1994
  5. Kystens veivisere. Fyr, merking, losing og havner i Aust-Agder. Økomuseum Skagerrak. 1994

LitteraturEndra

  • [Norges sjøkartverk]: Kystens historie i kart og beskrivelser. Norges sjøkartverk 1932 - 1982.