57°41′N 12°12′E / 57.683°N 12.200°E / 57.683; 12.200

Riksväg 40 i Landvetter.

Landvetter er den nest største tettstaden i Härryda kommun i Västra Götalands län i Västergötland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 6 680 innbyggjarar.[1] Göteborgs lufthamn er oppkalla etter tettstaden.

Han ligg nær Göteborg og den internasjonal lufthamna – Göteborg-Landvetter flygplats – ligg her og har gjort byen til ein attraktiv plass som ein ekspanderande bustadby.

Jernbanen mellom Göteborg og Borås passerer gjennom den sørlege delen av Landvetter, men har ikkje lenger stasjon i byen. Riksväg 40 passerer gjennom byen som motorveg, og har delt Landvetter i to. Sidan motorvegen blei bygd på 1970-talet har byen berre ekspandert på nordsida av vegen, der òg Landvetter sentrum ligg. I sentrum finst ICA, Shell, frisør, skule, bibliotek, idrettshall og restaurant. I området sør for motorvegen ligg Landvetter kyrkje.

Kjelder endre

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Statistik från SCB, oppdatert 11. Mars 2008