Langesundsfjordens indremisjonsselskap

Langesundsfjordens Indremisjonsselskapet er den minste av dei tre misjonsorganisasjonane som 1. januar 2001 gjekk saman i misjonsverksemda som fekk namnet Normisjon.[1]

Langesundsfjordens Indremisjonsselskap hadde hovudsakleg verksemdområda sine knytt til byar og bygder kring Langesund og Langesundsfjorden. Selskapet hadde hovudkontor i misjonshuset «Hauges Minde» i Skien. Etter fusjonen har ytremisjonsarbeidet fått større fokus.

Langesundsfjordens Indremisjonsselskap vart etter fusjonen av Santalmisjonen og Indremisjonsselskapet tilgodesett med økonomiske ressursar og ein eigen regionsadministrasjon med base i Skien. Den tidlegare regionseininga «TeVeBu» (Telemark-Vestfold-Buskerud) vart dermed stykka opp slik at Telemark vart utskilt som eigen administrativ region med eige styre.

Kjelder

endre
  1. «Normisjon», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 1. januar 2016