Langjökull
Langjökull sett frå Kaldidalur

Langjökull er den nest største isbreenIsland etter Vatnajökull og har eit areal på 950 km². Han ligg vest i dei indre områda av Island, eller Det islandske høglandet og ein kan tydeleg sjå han frå Haukadalur. Breen ligg over to vulkanar.

Den høgaste toppen av breen er 1 360 moh.

To av dei større hovudvegane i området går langs breen: Kaldidalur og Kjölur. Kaldidalur går mellom Langjökull og isbreen Ok i vest, medan Kjölur går mellom Langjökull og Hofsjökull i aust.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Langjökull

KjeldeEndra

Koordinatar: 64°45′N 19°59′W