Isbrear på Island
Wikimedia-listeartikkel
Isbreane på Island dekkjer om lag 11 % av landarealet på øya og har hatt stor innverknad på landskapet i landet.
Mange islandske isbrear ligg over vulkanane, slik som Grímsvötn og Bárðarbunga, som ligg under den største isbreen, Vatnajökull. Kalderaen til Grímsvötn er 100 km² stor og den til Bárðarbunga er 60 km². Når det oppstår vulkansk aktivitet under ein isbre kan dette føre til smelting av mykje is og vidare at smeltevatnet brått strøymer ut frå breen i ein katastrofeflom, på islandsk kalla jökulhlaup.
Dei største isbreane på Island
endreIsbre | Areal | |
---|---|---|
1 | Vatnajökull | 8100 km² |
2 | Langjökull | 953 km² |
3 | Hofsjökull | 925 km² |
4 | Mýrdalsjökull | 596 km² |
5 | Drangajökull | 160 km² |
6 | Eyjafjallajökull | 78 km² |
7 | Tungnafellsjökull | 48 km² |
8 | Þórisjökull | 32 km² |
9 | Eiríksjökull | 22 km² |
10 | Þrándarjökull | 22 km² |
11 | Tindfjallajökull | 19 km² |
12 | Torfajökull | 15 km² |
13 | Snæfellsjökull | 11 km² |