Laotisk er offisielt språk i Laos og blir dessutan, i form av dialekten isan, snakka av ein tredjedel av folket i Thailand. Laotisk er eit tonalt språk.

Laotisk
ພາສາລາວ [pha:sa:la:w]
Andre namn Lao
Klassifisering Tai-kadai-språk
 Kam-tai-språk
  Be-tai-språk
   Tai-sek-språk
    Tai-språk
     Sørvestleg
      Lao-Phutai
Bruk
Laotisktalande i alt 3 184 500[1]
Skriftsystem Laotisk skrift
Språkkodar
ISO 639-1 lo
ISO 639-2 lao
ISO 639-3 lao
Wikipedia på laotisk

Laotisk er nærskyld med thai, skilnaden mellom desse språka kan jamførast med skilnaden mellom svensk og norsk.

Dialektar endre

Laotisk kan delast i fem hovudmålføre:

Ein sjette dialekt blir isan-språket i Thailand.

Alfabetet endre

Språket blir skrive med laotisk skrift. Alfabetet liknar gammaldags thai-skrift, og er tufta på det det gamle thailandske alfabetet. Ein skilnad er at ein har fjerna mange likelydande bokstavar som thai-skrifta har behelde.

Bruk endre

Laotisk blir bruka av om lag 3 millionar menneske i Laos, og av knapt 200 000 i Thailand og Kambodsja. 800 000 har laotisk som andrespråk. Bibelen vart omsett til laotisk i 1932. Mellom ein og to tredelar av folket i Laos kan lese og skrive.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre