Larry Junstrom

amerikansk musikar

Lawrence Edward Junstrom (22. juni 19495. oktober 2019) var ein amerikansk bassist, mest kjend som medlem i rockebandet .38 Special frå 1977 til 2014.[1] Han var òg med å skipe southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd.

Larry Junstrom
Larry Junstrom bassist of .38 Special.jpg
Junstrom på Dixon May Fair i 2010
Fødd22. juni 1949(1949-06-22)
FødestadPittsburgh i Pennsylvania i USA
Død5. oktober 2019 (70 år)
DødsstadPalatka i Florida i USA
FødenamnLawrence Edward Junstrom
OpphavUSA
Aktiv1964–2014
SjangerSouthern rock
InstrumentBass
Tilknytte artistar.38 Special, Lynyrd Skynyrd
Verka somMusikar

Junstrom var bassist i Lynyrd Skynyrd frå bandet vart skipa i 1964, fram til han vart erstatta av Greg T. Walker i 1971. Donnie Van Zant, den yngre broren til Lynyrd Skynyrd-frontmannen Ronnie Van Zant, skipa .38 Special i 1974, og Junstrom kom inn som bassgitarist der i 1977.

Junstrom pensjonerte seg frå .38 Special i 2014 på grunn av ein handskade han måtte opererast for. Han døydde 5. oktober 2019, 70 år gammal.[2][3]

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: .38 Special». AllMusic. Henta 21. mai 2010. 
  2. «Obituary Lawrence Edward Junstrom 22. juni 1949 – 5. oktober 2019». dignitymemorial.com. Henta 20. desember 2020. 
  3. «Lynyrd Skynyrd founder Larry Junstrom dead at 70». Torontosun.com. 6. oktober 2019. Henta 20. desember 2020.