Lars Aasgard

norsk politikar

Lars Amandus Aasgard (18. mai 19074. november 1984)[1] var ein norsk politikar som var stortingsmann for Kristeleg Folkeparti. Han var varaordførar i Lindås frå 1947 til 1951 og ordførar frå 1952 til 1963. Alt medan han var ordførar, vart han vald som vararepresentant til Stortinget i 1953 og 1957. I 1961 vart han fast representant for Kr.F. saman med Torstein Kvamme, og han vart attvald i 1965, også ved det valet fekk Kr.F. to representantar frå Hordaland og han var saman med Sverre L. Mo i denne perioden. I sin første periode på Stortinget var Lars Aasgard medlem av Justiskomiteen, i andre periode vart han medlem av Industrikomiteen.[1]

Lars Aasgard
Lars Amandus Aasgard
Fødd18. mai 1907
Lindås i Hordaland
Død4. november 1984 (77 år)
Statsborgar av Noreg
PartiKristeleg Folkeparti
YrkeDisponent for møbelfabrikk
MorAnna Veland (1884-)
FarAndreas L. Aasgard (1878-)
VervOrdførar og stortingsrepresentant
Alle verv

Lokalt politisk arbeid endre

Alt før han kom inn i Lindås kommunestyre, hadde Lars Aasgard fått verv i lokalpolitikken. I 1932 vart han formann i likningsnemnda i kommunen, og då han i 1933 kom inn i kommunestyret, vart han og formann i fabrikktilsynet og vegnemnda. Derifrå var ikkje vegen lang til å bli formann i nemnda for bygging av Alversund bru 1948-1954, då var han også blitt ordførar i kommunen. På denne tida var ordførarane medlemer av fylkestinget, så han fekk fleire verv på fylkesnivå frå 1956, mellom anna som medlem av Arbeids- og tiltaksnemnda fra 1956-1962 og som medlem av styret for Hordaland sjukehusnemnd 1956-1962. I 1957 vart han medlem av Bestyrelsen for Norges Bank, avdeling Bergen, frå 1972 til 1981 var han formann i dette styret.[1]

Lars Aasgard hadde og stor interesse for skule og utdanning og var formann i gymnasnemnda for Nordhordland 1963-1967 og i samme periode og formann i styret for Nordhordlands interkommunale realskule 1963-1967. I 20 år frå 1959 var han styreformann for Nordhordland folkehøgskule og i den same perioden var han formann i rådet og nestformann i styret for Kongshaug folkehøgskule. Sjølv etter at han vart pensjonist, var han formann i plan- og byggjenemnd for Knarvik barnehage 1979-1981.[1]

Utanom politikken var Lars Aasgard disponent for Aasgard møbelfabrikk som han og broren Olav Aasgard hadde etablert i 1930.[2] Han var utdanna møbelsnekkar frå Haus Trearbeidsskule 1922 og Statens husindustriskole 1924-1925. Fram til han starta møbelfabrikken i 1930, arbeidde han innan jordbruk og fiske.[1]

Kristeleg engasjement endre

I fritida var Lars Aasgard et svært mykje med i kyrkjeleg og kristeleg arbeid. I 1932-33 gjekk han på Det Vestlandske Indremisjonsforbunds bibelskule i Bergen. Sidan var han fritidsforkynnar i nærområdet heile livet. Det var særlig Norsk Luthersk Misjonssamband og Den indre Sjømannsmisjon som fekk nyte godt av hans engasjement. Han var formann i styret for Lindås og Masfjorden Kinamisjonslag 1939-1944 og formann i Bergen krins av Norsk Luthersk Misjonssamband 1956-1961 og Nordhordland Misjonssamband 1978-1982. Etter krigen engasjerte han seg også sterkt i Den indre Sjømannsmisjon, først i Bergen krets, der han var kretsformann i to periodar, sidan kom han inn i organisasjonen sitt landsstyre, der han var medlem frå 1958 og landsstyreformann frå 1970 til 1979.[1]

Han var og engasjert i Myking sokneråd. Der var han formann fra 1952 til 1963, og frå 1981 til han døydde var han formann i komiteen som arbeidde for å skaffe nytt orgel til Myking kyrkje.[1]

Prisar og utmerkingar endre

Referanser endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Aasgard, Lars Amandus». stortinget.no. Henta 24. juli 2010. 
  2. Møbelfabrikken på Åsgard, arkivert frå originalen 17. mars 2014, henta 24. juni 2013