Indremisjonsforbundet (ImF) er ei samanslutning av 1500 kristne lag og foreiningar i Noreg, i hovudsak på Sunnmøre, Hordaland, Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland, men organisasjonen driv au arbeid i Trøndelag, Nordland og Finnmark, blant anna som medeigar i Øytun folkehøgskole.

ImF vart grunnlagt 19. oktober 1898, då utsendingar frå kristne enkelståande og samarbeidande forsamlingar gjekk saman. Dei ville organisere seg, og i 1897 gjekk diskusjonen om dei skulle gå inn i Det norske lutherske Indremisjonsselskap, som i dag ber namnet Normisjon, eller starta noko eige. Resultatet vart Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI), som i 2000 skifta namn til Indremisjonsforbundet.

ImF er bygd opp av 13 sjølvstendige krinsar, og på Generalforsamlinga anna kvart år vel utsendingar frå desse eit sentralstyre.

Noværande generalsekretær er Erik Furnes. Tidlegare var Karl Johan Hallaråker generalsekretær i tretten år fram til 2009, då han gjekk av som generalsekretær. Hallaråker kjem til å fortsetja i ImF i ei anna stilling.

Indremisjonsforbundet sitt motto er: «Med Guds ord til folket».

Indremisjonsforbundet har sitt hovudkontor på Bildøy utanfor Bergen, her ligg au Bibelskulen Bildøy eigd og dreve av Indremisjonsforbundet.

Bakgrunnsstoff

endre