Lars Anderssen Humlekjær

norsk politikar

Lars Anderssen Humlekjær (18. mai 181028. desember 1903) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Torsnes i Østfold.

Lars Anderssen Humlekjær
Fødd18. mai 1810
Torsnes kommune
Død28. desember 1903 (93 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Faren forpakta gardsbruket Humlekjær. I si tid var han sjølv gardbrukar på bruket, men kjøpte så garden Husvik i same heradet og dreiv dette. Han var i årevis medlem av heradsstyret i Borge og Torsnes, ordførar 1842-59, 1862-69 og 1884-85.

Humlekjær var stortingsmann frå Smaalenenes amt 1854-60. Han var medlem av militærkomiteen både i 1854, 1857, 1858 og 1859-60.

Humlekjær budde dei seinare år på garden Skjelin i Borge, dit dottera var gift. Han døydde der i 1903.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914