Lars Arne Nilsen

norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar

Lars Arne Nilsen (fødd 6. april 1964) er ein norsk fotballtrenar som trenar fotballklubben Hødd. Som ung spelte han for Stord Idrettslag og var klubben sin toppscorar i 1988, det året han scora 1-0 i opprykkskampen til 1. divisjon mot Os Turn Fotball. Han spelte for Sogndal Idrettslag 1989-90, Nest-Sotra Fotball 1991–94 og Volda frå 1995 der han òg var trenar. I 1999 var han trenar for Ørsta Idrettslag. Frå 2008 var han assisterande trenar for Hødd, under Einar Magne Skeide. Nilsen vart forfremma til hovudtrenar frå 2010-sesongen og leia laget til siger i Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 2012, i ein sesong der laget fann seg i nest øvste divisjonen og såvidt berga seg frå nedrykk.

Lars Arne Nilsen
Lars Arne Nilsen 2017.jpg
Personleg informasjon
Fødd6. april 1964
Fødestad i Noreg
Seniorspelar*
ÅrLagKmp(Mål)
- 1988Stord
1989-1990Sogndal
1991-1994Nest-Sotra
1995 -Volda
Trenarlag
1999-2010Ørsta
2010-2015Hødd
2015-2020Brann
2020 -Aalesund
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Frå 2015 til 2020 var han hovudtrenar for Sportsklubben Brann.

I 2020 overtok han som trenar i Aalesund.

Lars Arne er far til Sivert Heltne Nilsen (fødd 1991) som òg spelar for Brann.

KjelderEndra