Lars Berger (fødd 1. mai 1979) frå Levanger, er ein norsk tidlegare skiskyttar og langrennsløpar. Han satsar hovudsakleg på skiskyting, men har òg særs gode resultat frå fristilrenn i langrenn, blant anna VM-gull på 15 km. Han representerte Dombås IL i skiskyting og Byåsen IL i langrenn.

Lars Berger


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1979 (44 år)
Levanger kommune
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Olavstatuetten

Lars Berger under Blinkfestivalen i Sandnes 2009
Foto: Jarle Vines

Berger er den einaste utøvaren som har vunne VM-tittel både i langrenn og skiskyting. 10. mars 2007 vart han tildelt Egebergs Ærespris for sine prestasjonar i skiskyting og langrenn.[1]

Lars Berger la opp i 2015 på grunn av vedvarande kneproblem

Merittar som skiskyttar endre

  • VM 2009: Gull på 4 × 7,5 km stafett
  • VM 2009: Sølv på 10 km sprint
  • VM 2007: Sølv på 4 x 7,5 km stafett
  • VM 2004: Sølv på 15 km fellesstart, sølv på 4 x 7,5 km stafett

Merittar som langrennsløpar endre

  • OL 2010: Sølv på 4 × 10 km stafett
  • VM 2007: Gull på 15 km fri teknikk og 4 x 10 km stafett
  • VM 2005: Gull på stafett, 4. plass på 15 km fri teknikk

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Egebergs Ærespris tildeles Lars Berger, Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité 2.3.2007