Lars Larsen-Naur
Lars Anton Nicolai Larsen-Naur (8. mars 1841–9. august 1896) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Kragerø.
Lars Larsen-Naur | |||
Fødd | 8. mars 1841 | ||
---|---|---|---|
Død | 9. august 1896 (55 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Alle verv |
|
Han var son til ein kjøpmann og skipsreiar. I 1857 vart han student frå Nissens skule i Christiania, fem år seinare vart han cand. jur. Frå 1867 var han overrettssakførar i Kragerø. Han var medlem av bystyret frå 1872, ordførar i fleire år.
Larsen-Naur representerte Kragerø på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av kyrkjekomiteen. Sidan var han fram til 1894 valkrinsen sin varamann til Stortinget.
Han døydde i Kragerø i 1896.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914