Opna hovudmenyen

Lars Torsteinsson Lofthus, 1798-1892, var ein kjend spelemann frå Voss. Lars Lofthus var ein av læresveinane til Nils Rekve, og var god på rull og gangar, som mange andre av læresveinane hans Nils. Han vart ein bindelekk mellom Rekve og Ola Mosafinn, sameleis som far av Ola, Sjurd Liland.

Lars Lofthus
Fødd 1798
Død

1892

Yrke musikar

Lars Lofthus har ord for å ha dikta gangaren Lofthusen, som har namn etter han, ein slått som finst i ei rekkje former i Hordaland og Telemark. Det finst og ein springar med same namn, rekna under Mosafinnspringarane.

Lars Lofthus vart 94 år gamal, og var bufast på Voss det meste av livet. Difor kom han til å prege mange yngre spelemenn i området over lang tid.