Latady Island er ei låg, isdekt øy utanfor Antarktis. Ho er kring 60 km lang og nesten 40 km brei, og ligg 72 km sør for Charcot Island og vest for Aleksanderøya og har eit aredal på 3300 km². Øya vart omtrentleg posisjonert, observert og skildra frå lufta av sir Hubert Wilkins i 1929, men han såg ikkje at det var ei øy. Latady Island vart først fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-1948 og kartlagd frå desse bilete av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Latady Island vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter William R. Latady, ein flyfotograf og navigatør under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE).

Latady Island
øy
Land  Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 70°45′0″S 74°35′0″W / 70.75000°S 74.58333°W / -70.75000; -74.58333
Lengd 60 km
Areal 3 300 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Latady Island
70°45′00″S 74°35′00″W / 70.75°S 74.583333333333°W / -70.75; -74.583333333333
Latady Island is located in Antarktis
Latady Island (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Latady Island» (innhald frå Geographic Names Information System).