Latina
Latina | ||
---|---|---|
Fontenen på Piazza Libertà. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Lazio Latina | |
Grunnlagd | 1932 | |
Borgarmeister | Vincenzo Zaccheo | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
277 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
111 946 392/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 21 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 04100, 04010, 04013 | |
Telefon-retningsnummer | 0773 | |
Nettstad: www.comune.latina.it |
Latina er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Latina i regionen Lazio, har om lag 110 000 innbyggjarar og er den nest største byen i regionen. Byen vart grunnlagd i 1932 med namnet Littoria då området rundt, som hadde vore myrlendt sidan antikken, vart drenert.
GeografiEndra
Kommunen grensar til Aprilia, Cisterna di Latina, Nettuno, Pontinia, Sabaudia, Sermoneta og Sezze.
HistorieEndra
Latina vart grunnlagd 30. juni 1932 med facistnamnet Littoria. Byen vart innvigd 18. desember same år. Littoria var ein by der mange emigrantar frå Friuli og Veneto busette seg, som danna så den såkalla venetianske-pontinske samfunnet. Bygg og monument, hovudsakleg i nyklassisk stil, vart teikna av kjende arkitektar og kunstnarar som Marcello Piacentini, Angiolo Mazzoni og Duilio Cambellotti.
I 1934 vart byen provinshovudstad. Etter den andre verdskrigen, i 1946, vart namnet endra til Latina.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Latina» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2007.