Latvia i Junior Eurovision Song Contest

Latvia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Tu Esi Vasarā», framført på latvisk av songeren Dzintars Čīča. Landet har delteke fem gongar; i 2003, 2004, 2005, 2010 og 2011. Bidraga vart valt gjennom den nasjonale finalen Bērnu Eirovīzija mellom 2003 og 2005, og Balss Pavēlnieks i 2010 og 2011. Begge tevlingane vart arrangerte av den latviske kringkastaren Latvijas Televīzija.

Latvia
EuroLetonia.svg
Offisielt Latvia

Latvijas Televīzija
Uttakingar
Nasjonalt 5
Internt 0
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 5
Beste resultat
Finalen 9 (2003)
Verste resultat
Finalen Sist (2004 og 2011)
Poeng
Totalt 172

Bidraga i Junior Eurovision Song ContestEndra

År Artist Song Språk Poeng Plass
  2003 Dzintars Čīča «Tu Esi Vasarā» Latvisk 037 9
  2004 Mārtiņš Tālbergs og C-Stones Juniors «Balts vai melns» Latvisk 003 17
  2005 Kids4Rock «Es Esmu Maza Jauka Meitene» Latvisk 050 11
  2010 Šarlote Lēnmane og Sea Stones «Viva La Dance (Dejo Tā)» Latvisk 051 10
  2011 Amanda Bašmakova «Mēness suns» Latvisk 031 13

RøystgjevingEndra

Latvia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Kviterussland 42
2   Russland 28
3   Spania 23
4   Nederland 21
5   Storbritannia 19
Latvia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Litauen 15
2   Kviterussland 14
  Makedonia
4   Nederland 12
5   Malta 11

Sjå ògEndra

KjelderEndra