Latvia i Eurovision Song Contest

Latvia debuterte i Eurovision Song Contest i 2000 og har delteke kvart år sidan. Latvia har vunne Eurovision Song Contest ein gong, i 2002 med Marie N og songen «I Wanna». Latvia har også ein tredjeplass og ein femteplass. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har landet kvalifisert seg til finalen 6 av 18 gongar.

Latvia

Offisielt Latvia

LTV
Uttakingar
Nasjonalt 23
Internt 0
Deltaking
Debutår 2000
Deltakingar 23
Beste resultat
Semifinalen 2 (2015)
Finalen 1 (2002)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2009, 2010, 2013, 2017, 2021)
Finalen 24 (2003)
Poeng
Semifinalane 1 035
Finalane 971
Totalt 2 006

Utover i 2010- og 2020-åra har landet markert seg som eit av dei svakaste resultatmessig i konkurransen. Dei siste 14 åra har landet berre kvalifisert seg til finalen to gongar, sist i 2016.[1] I tillegg har Latvia komme sist i sin semifinale fem gongar, fleire enn noko anna land.

Historikk endre

Det er den latviske ålmennkringkastaren LTV som sender Eurovision Song Contest i Latvia, og som har ansvaret for å velje det latviske bidraget. Frå 2000 til 2012 blei landets song og artist kåra gjennom den nasjonale finalen Eirodziesma. I 2013 skifta finalen namn til Dziesma, og i 2015 blei den nasjonale finalen erstatta av eit nytt konsept, Supernova.[2]

Sterk debut endre

 
Marie N vann Eurovision Song Contest 2002 med songen «I Wanna». Året etter var ho programleiar saman med Renārs Kaupers då konkurransen blei halden i Riga.

Latvia var påmeldt i 1999, men trekte seg før den endelege fristen. Debuten kom i Stockholm i 2000 med gruppa Brainstorm og songen «My Star». Latvia kom på tredjeplass, med 12 poeng frå Noreg, Estland, Finland og Belgia. Dette er framleis ein av dei sterkaste debutane i historia til Eurovision Song Contest nokon gong.[3][4]

Dei neste åra svingte resultata kraftig. Landet blei nummer 18 i 2001 og kvalifiserte seg med naud og neppe til konkurransen i 2002, etter at Portugal sa frå seg plassen i konkurransen.[5] Det skulle vise seg å vere eit lykketreff for Latvia, som enda opp med å vinne 2002 med Marie N og «I Wanna». Som følgje av sigeren blei Eurovision Song Contest 2003 arrangert i den latviske hovudstaden, Riga. Marie N og Renārs Kaupers, vokalisten i Brainstorm, var programleiarar. På heimebane blei gruppa F.L.Y. nummer 24 av 26, med berre fem poeng frå nabolandet Estland.[6]

Sju år utan finale endre

Året etter kvalifiserte ikke Latvia seg til finalen, men i 2005 enda landet opp på ein femteplass med duoen Valters og Kaža og songen «The War Is Not Over». Dette er framleis den tredje beste plasseringa til Latvia i Eurovision Song Contest.

Etter suksessen i 2005 innleia Latvia ein resultatmessig svak periode i konkurransen. Dei tre neste åra følgde middelmåtige plasseringar, og i seksårsperioden 20092014 kvalifiserte ikkje Latvia seg til finalen ein einaste gong. Tre av desse åra kom også Latvia sist i semifinalen. I Wien i 2015 fekk Latvia ein opptur og enda opp på ein sjetteplass i finalen med Aminata og songen «Love Injected». Landet sikra seg sin andre finaleplass på rad med Justs i 2016.[7]

I 2017 innleia Latvia ein ny, svak periode resultatmessig. Seks år på rad har Latvia blitt slege ut i semifinalen, inkludert to sisteplassar i semifinalen. Landet har dimed ikke vore i ein Eurovision-finale sidan 2016 og er resultatmessig blant dei svakaste landa i konkurransen den siste tiårsperioden.

Språk endre

Latvia har stort sett framført sine bidrag på engelsk, men song på latvisk i 2004, på italiensk i 2007 og på russisk i 2009.

Deltakarar endre

Under er ei liste over bidraga til Latvia, plasseringar og poeng i konkurransen sidan debuten.[1]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Plass Poeng Plass Poeng
  2000 Brainstorm «My Star» Engelsk 3 136 Ingen semifinalar
  2001 Arnis Mednis «Too Much» Engelsk 18 16
  2002 Marie N «I Wanna» Engelsk 1 176
  2003 F.L.Y. «Hello From Mars» Engelsk 24 5
  2004 Fomins og Kleins «Dziesma par laimi» Latvisk Ikkje kvalifisert 17 23
  2005 Valters og Kaža «The War Is Not Over» Engelsk 5 153 10 85
  2006 Cosmos «I Hear Your Heart» Engelsk 16 30 Direktekvalifisert
  2007 Bonaparti.lv «Questa notte» Italiensk 16 54 5 168
  2008 Pirates of the Sea «Wolves of the Sea» Engelsk 12 83 6 86
  2009 Intars Busulis «Probka» (Пробка) Russisk Ikkje kvalifisert 19 7
  2010 Aisha «What For?» Engelsk 17 11
  2011 Musiqq «Angel in Disguise» Engelsk 17 25
  2012 Anmary «Beautiful Song» Engelsk 16 17
  2013 PeR «Here We Go» Engelsk 17 13
  2014 Aarzemnieki «Cake to Bake» Engelsk 13 33
  2015 Aminata «Love Injected» Engelsk 6 186 2 155
  2016 Justs «Heartbeat» Engelsk 15 132 8 132
  2017 Triana Park «Line» Engelsk Ikkje kvalifisert 18 21
  2018 Laura Rizzotto «Funny Girl» Engelsk 12 106
  2019 Carousel «That Night» Engelsk 15 50
  2020 Samanta Tīna «Still Breathing» Engelsk Konkurransen avlyst
  2021 «The Moon Is Rising» Engelsk Ikkje kvalifisert 17 14
  2022 Citi Zēni «Eat Your Salad» Engelsk 14 55
  2023 Sudden Lights «Aijā» Engelsk og latvisk 11 34
  2024 Dons «Hollow» Engelsk

Røystehistorikk endre

Oversikt over poeng til og frå Latvia i finalar og semifinalar sidan debuten i 2000. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangert etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåelege totalscore.[8]

Finalane endre

Latvia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Russland 175
02   Ukraina 144
03   Sverige 143
04   Litauen 136
05   Estland 131

Latvia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Litauen 91
02   Estland 88
03   Irland 66
04   Storbritannia 47
05   Noreg 34
  Tyskland

Semifinalane (2004–2021) endre

Latvia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Estland 98
02   Litauen 93
03   Sverige 73
04   Ukraina 68
05   Russland 65

Latvia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Litauen 98
02   Irland 56
03   Georgia 51
04   Estland 49
05   Polen 41

Eurovision Song Contest i Latvia endre

År Stad Arena Programleiarar
2003   Riga Olimpiskā Skonto halle Renārs Kaupers og Marie N

Kommentatorar og poengopplesarar endre

År Kommentator Poengopplesar
1970 Sendt i Sovjetunionen Latvia deltok ikkje
19711977 Ikkje sendt
1978 Sendt i opptak i Sovjetunionen
19711989 Ikkje sendt
1990 Sendt i Sovjetunionen
19911999 Ikkje sendt
2000 Kārlis Streips Lauris Reiniks
2001 Renārs Kaupers
2002 Ēriks Niedra
2003 Ģirts Līcis
2004 Lauris Reiniks
2005 Marie N
2006 Mārtiņš Freimanis
2007 Janis Šipkevics
2008 Kristīne Virsnīte
2009 Roberto Meloni
2010 Kārlis Būmeisters
2011 Valters Frīdenbergs og Kārlis Būmeisters Aisha
2012 Valters Frīdenbergs
2013 Anmary
2014 Ralfs Eilands
2015 Valters Frīdenbergs og Toms Grēviņš Markus Riva
2016 Toms Grēviņš
2017 Aminata
2018 Toms Grēviņš og Magnuss Eriņš Dagmāra Legante
2019 Toms Grēviņš og Ketija Šēnberga Laura Rizzotto
2021 Toms Grēviņš (alle show) og Marie N (finalen) Aminata Savadogo[9]
2022 Toms Grēviņš (alle show) og Lauris Reiniks (finalen) Samanta Tīna
2023 Jānis Pētersons[10]

Galleri endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Latvia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  2. Gordon Roxburgh (6. november 2014). «Latvia goes Supernova for 2015». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  3. «Eurovision Song Contest 2000 – poeng til og fra Latvia». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  4. «Eurovision Through the Years: 2000». The Eurovision Times. 14. juni 2012. Henta 17. desember 2016. «The song “My Star” came third, which was the second best debut result at that time.» 
  5. «Eurovision Song Contest 2002». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  6. «Eurovision Song Contest 2003 – poeng til og fra Latvia». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  7. «Latvia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  8. «Eurovision Song Contest Database». eschome.net. ESC Database. mai 2023. Henta 1. juni 2023.  Gå til seksjonen «Voting», og nest siste linje: «Total number of...» Vel «all final points», vel «Latvia» og deretter ønska tidsperiode. Trykk deretter på pilen for å få opp liste over poenga.
  9. Farren, Neil (15. mai 2021). «🇱🇻 Latvia: Aminata Savadogo Revealed as Eurovision 2021 Spokesperson». Eurovoix (på engelsk). Henta 21. mai 2021. 
  10. «Eurovision 2023 Spokespersons – Who will announce the points?». Eurovisionworld (på engelsk). 13. mai 2023. Henta 1. juni 2023. 

Kjelder endre