Lauparlægda

skar i Møre og Romsdal

Lauparlægda er eit fjell på 1253 moh. som ligg i Møre og Romsdal fylke, på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Det ligg mellom kommunane Ørskog i vest og Vestnes i nordaust. Sett frå Vaksvika i Ørskog viser fjellet seg som ein avrunda fortopp med den spissare Lauparen stikkande litt opp bak. Namnet tyder også noko slikt som ein lågare fortopp til Lauparen. Ved Romsdalsfjorden vert fjellet kalla «Sunnmørslauparen» fordi det ligg vest for Lauparen. Dette namnet kan vise til ei oppfatning om at grensa mellom bygdene går mellom dei to fjelltoppane, men karta viser at grensa går frå den eine toppen til den andre. Å nå toppen er enkelt frå vest og sørvest, men mykje ur der det er minst bratt.

Lauparlægda
fjell
Lauparlægda sett frå vest
Land  Noreg
Område Ørskog og Vestnes (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 253 moh.
Primærfaktor om lag 100 m
Kart
Sunnmørslauparlægda
62°26′51″N 7°05′59″E / 62.44752°N 7.09986°E / 62.44752; 7.09986

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.