Laura Ingalls Wilder
Laura Elizabeth Ingalls Wilder (7. februar 1867–10. februar 1957) var ein amerikansk forfattar. Ho er best kjend for barnebokserien Huset på prærien (Little House on the Prairie), som er basert på hennar eigen barndom.
Laura Ingalls Wilder | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. februar 1867 Pepin County |
Død |
10. februar 1957 (90 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, lærar, reporter, journalist, barnebokforfattar, sjølvbiograf |
Språk | angloamerikansk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA, Det republikanske partiet |
Religion | Kongregasjonalistkirken |
Far | Charles Ingalls |
Mor | Caroline Ingalls |
Ektefelle | Almanzo Wilder |
Born | Rose Wilder Lane |
Laura Ingalls Wilder på Commons |
Laura Elizabeth Ingalls vart fødd den 7. februar 1867 i eit tømmerhus i skogane utanfor Pepin, Wisconsin av Caroline («Ma») Ingalls og Charles («Pa») Ingalls. Ho var det andre barnet i ein søskenflokk på fem; ho hadde fire sysken: storesøstera Mary Amelia Ingalls, lillesøstrene Carrie Celestia Ingalls og Grace Pearl Ingalls og ein lillebror, Charles Frederick Ingalls, som berre vart ni månader gammal.
Prærien og Det Indianske Territoriet
endreDå Laura var eit år gammal bestemde far til Laura, Charles eller «Pa», seg for å selja garden dei budde på for å dra sørvestover til Kansas og det indianske territoriet, der det som skjedde i boka Little House on the Prairie fann stad. Dette er staden der Charles og Caroline fekk det tredje barnet sitt, Caroline «Carrie» Celestia.[1] Men landet dei slo seg ned i var ikkje opna for innflytting enno, og rundt eit og eit halvt år etter at dei kom måtte dei flytte. I boka utgav ho seg for å vera seks/sju år gammal for å halda på kronologien i bokserien i og med at Little House on the Prairie var den andre boka i serien.
Det vesle huset i den store skogen
endreFamilien flytta då attende til Pepin i Wisconsin som var staden der handlinga i Lauras fyrste bok, Little House in the Big Woods, føregjekk. Hendingane i denne boka fann stad var ho tre år gammal, ikkje seks, som det står i boka. I tillegg til det som skjedde i boka, byrja Laura på skule. Som fireåring var ho den yngste eleven ved Barry Corner School.[2]
Walnut Grove, Minnesota og Burr Oak, Iowa
endrePå den sjuande fødselsdagen til Laura kryssa familien Lake Pepin, ein del av Mississippi-elva, for andre gong.[3] Charles syntest det var kome for mange innflyttarar til «den store skogen». Han likte ikkje tanken på at ville dyr skulla leva i konstant frykt for menneske. Dessutan var det ikkje trygt å jakta med for mange folk i området, så Charles hadde på nytt avgjort å selja garden og dra vestover. Denne gongen enda dei opp langs med Plum Creek utanfor den sannsynlegvis meste kjende byen dei budde i (på grunn av TV-serien frå 1974-83), Walnut Grove i Minnesota. Først budde dei i ei jordhytte, men så bygde Charles eit trehus oppe på prærien.[4] Laura byrja på skulen igjen og fekk nye vener og «fiendar» som Nellie Owens. (I boka On the Bank sin of Plum Creek heitte ho Nellie Oleson).[5] Opphaldet deira i Minnesota baud på mange utfordringar. Plankane Charles brukte for å byggja huset var kjøpt på kreditt og skulle nedbetalast når innhastinga av avlinga var ferdig. Då kom det ei sky av grashopper som åt opp all avlinga. Dette førte til at Charles måtte gå til fots meir enn 200 mile (ca. 320 kilometer) for å finna ein jobb som han kunne bruka til å nedbetala det han skulda.[6] Nokre månader etter, den 1. november 1875, blei veslebroren til Laura, Charles Frederick, fødd. Året etter kom grashoppene tilbake for andre gong.[7] Charles fekk nok og flytta familien først til South Troy i Minnesota, der nokre slektningar av Laura budde.[8] Der døydde veslebroren til Laura, berre ni månader gammal.[9] Deretter tok Charles seg ein jobb på eit hotell i Burr Oak i Iowa, og vart der i eitt år.[9] Den yngste systera til Laura, Grace Pearl Ingalls, vart fødd her.[10] Då familien hadde budd i Iowa i eitt år, flytta dei tilbake til Walnut Grove. Laura tok seg jobb som kelner i eit nytt hotell i Walnut Grove, og då ho byrja på skulen der igjen, møtte ho for fyrste gong Genevieve Masters, som i to av Lauras bøker òg gjekk under namnet "Nellie Oleson".[11] I tillegg vart Mary sjuk av skarlaksfeber og etterkvart òg heilt blind.[12]
Dakota-territoriet
endreKort tid etter byrja ein periode av Laura sitt liv som ho skildra i By the Shores of Silver Lake. Denne perioden fann stad mellom 1879 og 1880. Charles vart tilboden ein jobb for jernbana gjennom systera Docia (Laura Ladocia Waldvogel Forbes), som han takka ja til. Dermed la han ut på reise til det søraustlege Dakota-territoriet (i dag kjent som Nord- og Sør-Dakota) der han var ansvarleg for å betala ut løna til dei som bygde jarnbana. Charles drog ut seint på våren, men fordi Mary ikkje var vorten ordentleg frisk enno og dermed for svak til å kunna reisa, kom resten av familien først ut på hausten.[13] Då vinteren kom og jarnbanebyggjarane var ferdige med jobben, flytta familien til husa til bygningsinspektøren og overvintra der. Staden dei no var komne til, vart heitande De Smet, og då våren kom, skaffa Charles seg først ei tomt i den nye byen som dei først budde i, deretter eit gardsbruk ca. 1,6 kilometer sør for byen. Dette skjedde våren 1880.
Den neste perioden i Lauras liv skildra ho i boka The Long Winter. Dette var ein av dei aller vondaste vintrane i Dakota-historia til området. Vinteren varte frå oktober til april, med snøstormar som var så kraftige at skulen måtte haldast stengt store delar av vinteren. Dei dagane det var skule møter Laura for fyrste gong på Minnie Johnson og Mary Power, som ho òg møter i dei to neste bøkene til Laura.
Den neste delen av livet hennar er godt dokumentert. Boka Little Town on the Prairie følgjer Laura og familien hennar frå våren 1881 til julaftan i 1882. Her tek Laura seg jobb som sydame i byen Dei Smet. Laura og Carrie byrjar for alvor på skulen i De Smet og vert blant andre kjent med gode venninner som Minnie Johnsen, Mary Power og Ida Brown, og uvenner som Miss Wilder (lærarinne til Laura) og Genevieve Masters som ho kjende frå sitt siste opphald i Walnut Grove. Mary vert send på skule for blinde i Iowa, og Laura møte den kommande ektemannen sin, Almanzo Wilder.
I Laura si åttande bok, som var den siste som vart utgjeve før ho døydde, These Happy Golden Years, byrjar Laura å jobba som lærer. Ho var alt anna enn komfortabel med det fordi ho ikkje likte å vera saman med framande og fordi det var den fyrste perioden i livet hennar som ho budde borte frå foreldra sine. Dette skjer samstundes som hennar eigen skulegang held fram i De Smet. Almanzo forelskar seg i Laura og fraktar ho fram og attende mellom De Smet og skulane ho jobbar i (på den tida jobba ein som regel berre i cirka to/tre månader om gongen på det meste, og for Lauras del var det fleire månader mellom kvar gong ho jobba som lærer) uansett kor langt og kor kaldt det var. Handlinga i boka baserer seg på ein periode på tre år og vert avslutta den 25. august 1885 då Laura og Almanzo vart gifte.
Ekteskap og åra etter
endreLaura og Almanzo møtte på store utfordringar, særleg i dei fyrste åra sine som ektepar. Dei fekk ei dotter, Rose Wilder Lane, i 1886. Feilslegne avlingar, økonomisk depresjon (eller «panikk» som dei kalla det), tornadoar og at huset deira brann var nokre av problema dei hadde. Almanzo vart delvis lam då han fekk ei alvorleg form for difteri. I august 1889 fødde Laura ein son. «Han ser ut som Manly,» sa Grace. (Manly var kallenamnet Laura brukte om Almanzo). Kort tid etter daude den nyfødde sonen. Desse prøvingane står skildra i den siste boka i Little House-serien, The First Four Years. Dette er ei bok Laura skrev eit utkast til, men som ho sannsynlegvis mista interessa for å gjera ferdig då Almanzo døydde i 1947. Boka er vorten utgjeven, slik Laura skreiv henne, i 1971, etter at dottera Rosa Wilder Lanes døydde i 1968.
No byrja ein periode av livet der Laura, Almanzo og Rose flytta omkring i USA på berre nokre få år. I 1890 drog dei austover til Spring Walley i Minnesota.[14] Der budde dei saman med Almanzo sine foreldre og slektningar. Dei budde der i over eit år. Peter Ingalls, fetteren til Laura, flytta då ned til Florida. Laura og Almanzo gjorde det same fordi klimaet der var betre for helsa til Almanzo. Dei vart ikkje verande der så lenge; naboane såg på Laura som ein «up-North-galning», og heller ikkje kona til Peter likte ho så godt. Laura sakna prærien, og i 1892 flytta dei tilbake til De Smet. Der tok Laura seg arbeid som sydame medan Almanzo verka som lausarbeidar. Dette gjorde dei i voner om at dei på nytt skulle kunna starta ein gard.[15]
Mansfield i Missouri
endreI 1894 flytta familien ein siste gong, denne gongen til Mansfield i Missouri, til ein gard som var 0,2 kvadratkilometer stor.[16] Dei kalla garden Rocky Ridge Farm, for det var mykje stein på tomta. 20 år seinare hadde garden vakse til å verta ein mjølke- og fruktgard på 0,8 kvadratkilometer. Eit tømmerhus som dei bygde, vart etterkvart erstatta av ein ti-roms gardshus og andre bygningar. Etterkvart som åra gjekk, byrja Laura å skriva korte innlegg til eit magasin som heitte Ruralist. I 1916 var Laura med på å oppretta ei gruppe som heitte The Athenians.[17] Føremålet med gruppa var å utvikla venskap og røynsler innanfor emne som f. eks utdanning. Målet var å få bygd eit fylkesbibliotek. Laura bidrog med å skriva ein klubbsong og reportasjar. Ein gong kjøpte Rose ein bil i gåve til Papa (Almanzo) og Mama Bess (Laura). Det var ein 1923-modell Buick. I 1925 la familien ut på ein biltur til California.[18] Dette skulle vekka skriveviljen til Laura til live igjen. Laura hadde slutta å skriva for The Ruralist, og då dei kom heim frå California hjelpte Rose Laura med å skriva to artiklar til The Country Gentleman. Rose var ivirg etter å læra Laura å skriva liknande artiklar til høgtbetalande blad fordi Rose meinte at dette ville vere Laura sin sjanse til å tene gode pengar. Dette varte fram til 1926 då Rose byrja med språkstudium og flytta heim frå til Paris og Tirana, hovudstaden i Albania.
I 1928 kom Rose tilbake. No innsåg ho at gardsarbeidet for foreldra hennar vart for tøft for dei og at det var på tide at dei trekte seg tilbake. Det året bygde Rose eit heilt nytt hus som stod ferdig i desember 1928. Kort tid etter at dei flytta inn i det nye huset betalte Laura og Almanzo det siste dei skulda pengar til. «No er denne staden vår,» erklærte dei. Rose heldt til i det gamle huset deira. Då tenkte Laura på å skriva ein sjølvbiografi. Ho tenkte over barndomen ho hadde i skogen på prærien med Charles, Caroline og systrene Mary, Carrie og Grace. Det ho opplevde kunne ikkje opplevast på den tida dei no levde i, for på 50 år var kolonigrensene borte. Laura tenkte at opplevingane hennar var for gode til å verta borte og sa at «Det var historier som måtte forteljast.» Dette førte til at ho byrja å skriva ned historia si i ei blå linjert skrivebok. Manuskriptet fekk namnet Pioneer Girl – 'Pionerjente'. Ho gav manuset til Rose som reinskreiv det på maskin. Då det varet gjort sende Rose teksta til George Bye, Rose sin agent som tok seg av verka til Rose i voner om å få selt det til eit forlag. Sjølv om alle var samde i at det var ei interessant amerikansk historie, var det ingen som ville kjøpa henne. Då tok Rose med seg manuskriptet til New York for å prøva å selja det til nokre magasin, men fekk på nytt avslag. Nokon vener i San Francisco høyrde om manuset. Dei jobba med å illustrera barnebøker og tenkte at Pioneer Girl ville vore ein god barnebok. Igjen vart manuset sendt frå forlag til forlag til det til slutt enda opp hos Harpar & Brothers som fatta interesse.[19]
Little House-bøkene vert utgjevne
endreLaura omarbeidde manuset. Ho avgjorde å skriva ei bok basert på minna frå tida då ho budde i den store skogen i Wisconsin. Boka fekk namnet Little House in the Big Woods ('Det vesle huset i den store skogen'), og inneheld blant anna mange av forteljingane Charles fortalde til ho då ho var liten. Ho ville gjerne dela desse forteljingane med barn. I 1931 sa Harpar & Brothers seg samde i å utgje boka.[20]
Medan boka var i trykk tok Laura og Almanzo ein biltur tilbake til Sør-Dakota. Dei køyrde den same ruta som dei tok då dei drog den andre vegen 37 år tidlegare. Dei Smet var no vorte til ein moderne liten by. Derfrå drog dei til Manchester og vitja Grace og ektemannen Nata. Grace var den einaste gjenlevande av Ingalls-familien i området etter at Charles døydde i 1902, Caroline i 1924 og Mary i 1928. Deretter sette dei seg i bilen og drog til De Smet og Charles sin gard der dei to systrene gjekk gjennom det som ein gong i tida tilhøyrde Caroline og Mary. Dette var lagra i eit rom i huset som Laura og familien ein gong i tida budde i, men som no var utleidd. Dei skjønte snart at alt som var av verdiar, var vorte borte. Deretter vitja Laura og Almanzo gamle vener i De Smet før dei drog vestover til foten av Black Hills, ein annan del av Sør-Dakota der Carrie og ektemannen Davy Swanzey budde. Dei hadde flytta til byen Keystone på foten av Mount Rushmore. Carrie tok så med Laura og Almanzo på ein biltur i Black Hills medan dei snakka og mimra.[21]
I 1932 vart Little House in the Big Woods utgjeven. Laura kjøpte ein kopi av boka og viste henne til Rose, og dei var begge nøgde med resultatet. Boka vart ein stor suksess, på trass av den økonomiske depresjonen som kom som ei følgje av krakket i 1929.[22] Forteljingane og minna kom til live i boka som vart ein favoritt hos bokhandlarar og på bibliotek. Boka vart så populær at Haper & Brothers spurde etter ei ny bok frå ho. Dette skulle verta ei bok om Almanzo Wilders barndom, og vart heitande Farmer Boy. Denne vart utgjeven i 1933 og vart òg ein stor sukess.[23]
I 1935 vart Little House on the Prairie ('Det vesle huset på prærien') utgjeven. Dette var den boka som kravde mest research. Det tok til dømes fleire veker å finna namnet på Soldat du Chêne, Osagehøvdingen som redda liva deira. Laura hadde eit skarpt minne og klarte til og med å henta fram tidlege minne som låg utanfor hennar "ordinære" hukommelse. Ho ville at historiene hennar skulle verta sett på som sanne, så ho sende manuset inn til historieekspertar før boka vart publisert, for å sjå til at alle historiske detaljar var korrekte.[24]
Den tredje boka vart òg ein suksess, og no bestemte ho seg for noko ingen hadde gjort før ho: ho planla no å halda fram å skriva om historia om barndomen sin gjennom ein serie med bøker. «Det vil vera ein historisk roman for barn som handlar om alle aspekta ved den amerikanske sivilisasjonen sin yttergrenser. Alle ville at eg skulle halda fram forteljinga for å få vita kva som så skjedde,» sa Laura. I 1937 kom boka On the Banks of Plum Creek ('Det vesle huset i haugen' og 'Det vesle huset ved elvebredden').[25] Då boka vart utgjeven, vart ho tildelt Newbery Honor-medaljen. Utmerkinga vert delt ut til fire forfattarar for ei utmerka barnebok, men som ikkje når høgt nok opp til å kunna få sjølve Newbery-medaljen. I 1937 bestemte ein òg at bokserien skulle heita «Little House». I 1938 byrja ho på utkasta til boka By the Shores of Silver Lake ('Det vesle huset langt mot vest').[26] Den vart publisert i 1939 og var Lauras andre bok som fekk Newbery Honor-medaljen.[27] Bokhandlarar og bibliotek hadde venta ivrig på at boka skulle koma. I 1940 byrja Laura å skriva manuset til The Hard Winter. Denne sommaren drog Laura og Almanzo for siste gong til Sør-Dakota for å vitja Grace og Carrie. Året etter vart boka publisert under tittelen The Long Winter fordi forlaget var redd for at den opphavlege tittelen skulle verka skremmande på borna.[28][29] The Long Winter var den tredje boka Laura utgav som fekk Newbery- medaljen.
Det tok ikkje lange tida frå utgjevinga av The Long Winter til Laura på nytt sette seg ned og skreiv utkastet til neste bok, Little Town on the Prairie. Òg denne boka vart løna med Newbery-medaljen etter at ho kom ut i 1941.[30] Den siste boka Laura gav ut før ho døydde var These Happy Golden Years. Boka vart gjeven ut i 1943, og i likskap med dei fire siste bøkene vart òg denne løna med Newbery-medaljen. Carrie skreiv i eit brev at ho var stolt av den nye boka, og Rose komplimenterte òg denne boka.
I 1944 fekk Laura sjå Carrie for siste gong. Denne gongen kom Carrie med tog frå Rapid City i Sør-Dakota for å vitja Laura. Det var ei spennande gjenforening. Laura sa: «Kjærleiken i vår tidlege barndom har følgt deg heile vegen.» Tre år tidlegare hadde Grace gått bort, og Laura fortalde borna som skreiv brev til henne at Carrie og Laura var dei einaste gjenlevande. No avgjorde Laura, Carrie og Rose at fela til Charles skulle på museum. Dei vart samde om at ho skulle verta sendt attende til Sør-Dakota, sidan bøkene var særs populære der og fordi ein tilsett ved The De Smet News, Aubrey Sherwood, ofte promoterte dei populære bøkene.[31]
Etterspurnaden etter endå ei bok var stor, og sjølv om Laura hadde avgjort at These Happy Golden Years skulle verta den siste i serien, fekk interessa frå publikum ho til å setja seg ned for å skriva nok ei ny bok.[32] Utkastet vart til The First Four Years. Samstundes var krigen i verda over og det amerikanske utanriksdepartementet arrangerte ei tysk og japansk omsetjing av Little House-bøkene, etter førespurnad frå general Douglas MacArthur fordi han meinte at boka var eit nøyaktig bilete av det amerikanske livet. Han meinte at tyskarane og japanarane ville ha fordel av å ha lese dei. Det viste seg å vera eit sjakktrekk. Så fort bøkene kom ut i Tyskland og Japan, byrja tyske og japanske brev å strøyma inn.[33] Til Lauras store overrasking vart bøkene òg omsette og gjevne ut i andre land, mellom dei Noreg. På eit brev til eit japansk barn skreiv Laura: «Sjølv om du er langt borte og snakkar eit anna språk, er tinga som er verd noko i livet, framleis det same for oss alle, og det same som då eg var eit barn for lenge sidan.» Populariteten til bøkane auka. Harper & Collins avgjorde at dei skulle trykkja bøkene på nytt med nye illustrasjonar, denne gongen av Garth Williams. Då dei nye illustrasjonane vart ferdige noterte Laura at karakterane vakna til liv i dei.[34]
I 1949 fekk Almanzo to hjarteinfarkt og døydde den 23. oktober 1949.[35] I 1951 bestemte Mansfield seg for å oppkalla det lokale biblioteket etter Laura. Denne dedikasjonen vart halden den 28. september 1951. Dette var den fyrste seremonien som var til ære for henne som ho deltok i. Dette var mest av alt fordi ho ikkje ville skuffa tilhengarane sine.[36] Sjølv om saknet etter Almanzo var stort, vart Laura stadig varma av kjærleiken til den store familien av lesarar. Kvar dag vart eit bord som stod ved sida av rullestolen hennar fylt opp av brev frå lesarane, og kvar sommar var det alltid vitjande frå andre delstatar som kom for å treffa hei. Blant dei var venene ho fekk i Dei Smet, medan dei aller fleste var framande.[37]
Slutten på livet
endreDå Laura var 87 år gammal tok ho sin fyrste flytur.[38] Då drog ho for å vitja Rose som for mange år sidan slo seg ned i Danbury i Connecticut. Tidlegare på året sa ho at ho stort sett var oppegåande, tok seg av posten, gjekk i kyrkja, laga mat og gjorde reint, men at det var dagar ho måtte liggja for å la det gamle, trøytte hjartet sit få kvila. Ho likte å sjå Rosa sitt hus og korleis ho levde. Til høsttakkefesten i 1956 kom Rose på besøk. Ho såg med ein gong at Laura ikkje var frisk og fekk ho på sjukehus. Der vart det oppdaga at Laura hadde diabetes.[39] Nokre månader seinare, den 7. februar 1959, fylte Laura 90 år. Ho var no vorten sjuk av ei komplisert form for diabetes. Då fødselsdagen hennar nærma seg kom det brev frå heile verda. Barn farga, klipte og lima og laga spesielle helsingar til Laura. Med hjelp frå blant anna lærarane sende dei gratulasjonane avgarde. Men berre tre dagar seinare, den 10. februar 1957, sovna Laura inn.[40] Laura hadde opplevd alt; utviklinga frå hest og vogn til tog til bil til fly, ho opplevde korleis det var å leva i dei ville skogane, korleis det var å leva saman med indianarar, korleis det var å bu i byar på kanten av sivilisasjonen; ho såg på bygginga av jarnbana i vilt, ubebodd landskap og gardar og gardsbruk som grodde opp av det nye landet – Laura Ingalls Wilder hadde sett og opplevd alt. Gjennom Lauras klåre minne, skarpe observasjonsevne og store forteljarglede kan ein framleis oppleva pioner-vesten slik ho gjorde det.
Framstillingar på film
endre- Melissa Gilbert spelte rolla som Laura Elizabeth Ingalls Wilder gjennom heile TV-serien Det lille huset på prærien (1974–1984)
- Meredith Monroe, Tess Harper som den voksne Laura, Alandra Bingham som den vesle Laura i del 1, og Michelle Bevan som vesle Laura i del 2 av TV-filmane Bortenfor prærien: Laura Ingalls Wilders 'sanne' historie
- Kyle Chavarria spelte rolla som Laura Elizabeth Ingalls Wilder i ABC sin miniserie om Det vesle huset på prærien (2005)
Forfattarskap
endre- Little House in the Big Woods (1932)
- Farmer Boy (1933) – Om ektemannen Almanzo sin barndom på en bondegård i New York State
- Little House on the Prairie (1935)
- On the Banks of Plum Creek (1937), ei Newbery Honor-bok
- By the Shores of Silver Lake (1939), ei Newbery Honor-bok
- The Long Winter (1940), ei Newbery Honor-bok
- Little Town on the Prairie (1941), ei Newbery Honor-bok
- These Happy Golden Years (1943), ei Newbery Honor-bok
- On the Way Home (1962, publisert post mortem) – ei dagbok om reisa/flyttinga frå De Smet til Mansfield i Missouri, redigert og innsette kommentarar av Rose Wilder Lane.
- The First Four Years (1971, publisert post mortem)
- West from Home (1974, publisert post mortem) – Laura sine brev til Almanzo medan ho vitja Rose i San Francisco i 1915
- The Road Back (publisert post mortem, Del av A Little House Traveler: Writings from Laura Ingalls Wilder's Journeys Across America, framhever dei tidlegare upubliserte notata til Laura frå ein tur med Almanzo til De Smet og Black Hills. Denne turen fann stad i 1931.)
Kjelder
endre- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 38
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 43-44
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 47
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 50
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 52-53
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 58
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 59
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 62-63
- ↑ 9,0 9,1 Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 64
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 72-73
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 81
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 84
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 87-88
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 139
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 140
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 145-146
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 184
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 190
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 194
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 196
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 196-198
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 198
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 199
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 201
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 202
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 204
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 207
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 208
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 211
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 212
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 215
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 216
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 217
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 219
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 221
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 224
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 227
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 230
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 231
- ↑ Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 232
- Denne artikkelen bygger på «Laura Ingalls Wilder» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2021.
Litteratur
endre- William Anderson: Laura Ingalls Wilder: A Biography, Collins, 1992, ISBN 0-06-088552-1, ISBN 978-0-06-088552-6