Opna hovudmenyen

Laurence Juber (fødd 12. november 1952) er ein engelsk gitarist. Han vart mest kjend som sologitarist i Wings frå 1978 til 1981, men har sidan utmerkt seg sologitarist med fingerstil og som studiomusikar.

Laurence Juber
Laurence Juber 2019 by Glenn Francis.jpg
Laurence Juber arrives for the California Saga 2 Charity Concert in Los Angeles California on July 3, 2019
Fødd12. november 1952 (66 år)
FødestadStepney i Aust-London
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1967
SjangerPop, rock, folk, country, blues, jazz
InstrumentGitar, lutt
Tilknytte artistarWings, Al Stewart, Paul McCartney
Verka somGitarist, studiomusikar
BornIlsey Juber

Tidleg i karrieren spelte han som studiomusikar og spelte inn eit album med Charles Aznavour, Je n'ai pas vu le temps passer..., som vart eit av dei bestseljande albuma til Aznavour. Juber spelte òg James Bond-temanet for filmen The Spy Who Loved Me.

I 1978 fekk han tilbodet om å bli med Paul McCartney i bandet Wings.[1] Han spelte på albumet Back to the Egg (1979), og den påfølgjande turneen. Etter Wings vart oppløyst tidleg i 1981, flytta Juber til USA. Her spelte han som studiomusikar, mellom anna på musikk for mange fjernsynsseriar som Happy Days, Family Ties , «Home Improvement» og «7th Heaven». Han spelte gitar på Belinda Carlisle sin «Mad About You», Eric Carmen sin «Make Me Lose Control» og «Time of My Life» og «She's Like The Wind» frå filmmusikken til «Dirty Dancing».

DiskografiEndra

  • 1982: Standard Time
  • 1990: Solo Flight
  • 1993: Naked Guitar
  • 1995: LJ
  • 1997: Winter Guitar
  • 1997: Groovemasters (med Preston Reed)
  • 1998: Mosaic
  • 1999: Altered Reality
  • 2000: LJ Plays the Beatles
  • 2000: The Collection
  • 2001: Different Times
  • 2003: Guitarist
  • 2004: Henry Mancini: Pink Guitar
  • 2005: One Wing
  • 2006: I've Got the World on Six Strings
  • 2007: PCH
  • 2008: Pop Goes Guitar
  • 2009: Wooden Horses
  • 2010: LJ Plays the Beatles Vol.2
  • 2011: Children of the Harvest
  • 2012: Soul of Light
  • 2013: Catch LJ Live!
  • 2013: Under an Indigo Sky
  • 2015: Fingerboard Road
  • 2016: Holidays & Hollynights
  • 2017: LJ Can't Stop Playing The Beatles!

KjelderEndra

  1. McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. s. 121. ISBN 978-0-87833-304-2. 

BakgrunnsstoffEndra