Laurvigen grevskap
(Omdirigert frå Laurvig Grevskab)
Laurvigen grevskap (Grevskapet Larvik) vart oppretta den 29. september 1671, då Brunla amt vart gjort om til grevskapet Laurvigen. Grevskapet omfatta seinare Larvik, Sandefjord og Tjøme kommunar, i tillegg til delar av Andebu kommune.
I 1821 vart grevskapet slege saman med Jarlsberg grevskap til Jarlsberg og Larvik amt.
Grevar av Laurvig
endre- Ulrik Fredrik Gyldenløve (1671 - 1704). Han nytta ikkje sjølv tittelen greve
- Grev Ferdinand Anton Danneskiold-Laurvig (1704 - 1754)
- Grev Frederik Ludvig Danneskiold-Laurvig (1754 - 1762)
- Grev Christian Conrad Danneskiold-Laurvig (1762 - 1783)
- Arvetvist (1783 - 1785)
- Grev Christian Ahlefeldt-Laurvig (1785 - 1791)
- Grev Frederik Ahlefeldt-Laurvig (1791 - 1805)
- Kongen av Danmark (1805 - 1817)
Bakgrunnsstoff
endre- Grevskapet Laurvig opprettes Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine. på http://www.larvik.kommune.no