Lauvstad (tidlegare Feden og Feten, danske former av det opphavlege Feta eller Fita[1]) er ei bygd i Volda kommune og tidlegare Dalsfjord herad. Lauvstad er eigenleg det tettbygde området rundt ferjekaia med samband til Volda, men namnet blir brukt som eit samlenamn for bygdene med postnummer 6133: Ulvestad, Sætre og Lauvstad. Det vanlege samlenamnet på desse bygdene er elles Ulvestadbygda. Lauvstad har knapt 300 innbyggjarar.

Lauvstad
stad
Land  Noreg
Kart
Lauvstad
62°9′49″ N 5°56′32″ E

Fylkesveg 652 går først med ferja frå Volda ferjekai til Lauvstad, der vegen går vidare mot Vanylven. Fylkesveg 40 i Møre og Romsdal går frå Lauvstad rundt Dalsfjorden til Folkestad.

Kjelder Endra

  1. «O. Rygh: Norske Gaardnavne», www.dokpro.uio.no, henta 18. august 2020