Volda ferjekai
Volda ferjekai er ein ferjeterminal i Volda sentrum som har ferjesamband over Voldsfjorden med Folkestad og med Lauvstad,[1] som er ein bit av Ulvestadbygda i Dalsfjorden.
Volda ferjekai | |
Stad | Volda kommune |
---|---|
![]() Volda ferjekai |
Ferjeturen til Folkestad var ein del av E39 fram til omlegginga av Europavegen langs Kvivsvegen. I dag er sambandet del av riksveg 651.[2]
Ferja til Lauvstad er ein bit av Fylkesveg 652 og fører inn til Eidså i Vanylven.
Volda ferjekai blei utvida i 2018-2020. Den nye ferjekaia på 108 meter opna 4. februar 2020, og er bygd slik at ein kan lada hybridferjer der.[3]
Kjelder Endra
- ↑ «Norgeskart», www.norgeskart.no, henta 12. juli 2021
- ↑ «Prosjektbeskrivelse», Statens vegvesen (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 3. august 2021, henta 12. juli 2021
- ↑ NRK (4. februar 2020), «Ny ferjekai i Volda fra onsdag», NRK, henta 12. juli 2021