Laval i Frankrike
Laval er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture i departementet Mayenne, og ligg på grensa mellom Bretagne, Normandie og Anjou. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, og desse vert kalla Lavallois.
Laval | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Pays-de-la-Loire Mayenne |
Geografi | |
Flatevidd - By |
34,22 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
50 947 1 489/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 70 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.mairie-laval.fr |
Geografi Endra
Laval ligg ved elva Mayenne i regionen Pays-de-la-Loire, rundt Loiredalen. Han er senter for eit storybområde med om lag 100 000 innbyggjarar.
Historie Endra
Herrane av Laval er frå eit dynasti som har sett spor etter seg i fransk historie. Den «gamle gata» var i fleire hundreår hovudvegen inn i Bretagne.
Etter Hundreårskrigen (1337 til 1453), då byen hadde skifta eigarar fleire gonger, fekk byen ein oppsving, og herrane i byen brukte store summar på å bygge nye, flotte bygg og bustadar. Byen nådde eit høgdepunkt på 1800-talet då linfabrikkar og støyperi sprang opp i byen . Under den første verdskrigen vart mange av innbyggjarane sende ut i krigen, og kom aldri att, noko som hindra vidare utvikling av byen.