Lay Down Sally
Singel av Eric Clapton
frå albumet Slowhand
B-side

«Cocaine»

Utgjeve November 1977
Innspelt Olympic Studios i London
Sjanger Countryrock
Lengd 3:50
Selskap RSO
Låtskrivar(ar) Eric Clapton, Marcy Levy og George Terry
Produsent Glyn Johns
Eric Clapton-kronologi 
«Carnival»
(1977)
Lay Down Sally «Wonderful Tonight»
(1977)


«Lay Down Sally» er ein song av Eric Clapton, skriven av Clapton, Marcy Levy og George Terry. Han vart gjeven ut på albumet Slowhand i 1977 og sidan som singel. Singelen nådde tredjeplassen i USA. Songen er ein countryrock song spelt i same stil som J. J. Cale. Clapton har sagt at andre medlemmar i bandet, som Carl Radle frå Oklahoma, George Terry, Jamie Oldaker og andre påverka songen.

Clapton forklarte «Det er så nære eg kan kome, som engelskmann, men bandet er frå Tulsa, og dei spelte dette naturleg. Du klarar ikkje få dei til å spele ein engelsk rockestil, ikkje i det heile. Ideen deira om ein drivande rytme er ikkje å vere høglydt eller noko slikt. Det er subtilt».[1]

Singelen nådde òg 26. plassen på countrylista i USA, den høgaste plasseringa til Clapton på denne lista.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Red Sovine, ein countrysongar som er mest kjend for sentimentale songar og lastebilsongar, har ein song som er forholdsvis lik Clapton sin song. Han tok songen til 70. plass på countrylista i 1978. Andre som har spelt songen er The Seldom Scene, Rod Stewart og Don Williams.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Pidgeon, John, “Eric Clapton: A Biography”, s. 103, Vermillion & Company, ISBN 0-03-160161-4, 1985