Le-kvervel
Ein le-kvervel er ein kvervel som oppstår i ein gass- eller væskestraum etter straumen har passert ei brå hindring. Dette kjem av at straumen mistar kontakten med underlaget slik at det vert danna eit undertrykk i gassen eller væska. Kvervlane kan vere ståande (stasjonære) eller dei kan rive seg laus og drive nedstraums med straumen. Ved straumar på begge sider av ein konstruksjon, kan kvervlane avløysast vekselsvis på begge sider. Om denne kvervelavløysinga skjer rytmisk, kan dette få lange, slanke lekamar til å svinge, til dømes bruer. Dette er òg årsaka til at flagg blafrar i elles jamn vind.
I atmosfæren
endreLe-kvervlar kan oppstå bak bratte fjell, som le-lågtrykk, og kan der gje sterk og turbulent vind. Fjellformer som ved visse vindretningar gjer at lufta kring fjellet vert soge inn i undertrykket av ein luftstraum over fjellet er særleg effektive. Det oppstår då eit hydraulisk sprang som kan medføre til sterk vind ned mot bakken. Mange av dei mest alvorlege skadane under Nyårsorkanen i 1992 oppstod på le-sida av slike fjell.
Kjelder
endre«le-virvel» i Store norske leksikon, snl.no.