Nyårsorkanen i 1992

Nyårsorkanen i 1992 var det kraftigaste uvêret som er registrert i Noreg sidan målingane starta i 1867.[1] Lågtrykket trefte kysten frå Nordfjord til Helgeland tidleg på morgonen den 1. januar 1992. Målt i tapte verdiar er han den største naturkatastrofen som nokon gong har råka landet.[1]

Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992.
Foto: met.no

Meteorologisk Institutt har rekna at ein så kraftig orkan statistisk sett berre vil treffe Noreg kvart 200. år.[1]

Den anslegne sterkaste vinden under orkanen var 45 m/s i gjennomsnitt over ti minutt. Sterkaste vindkast blir anslege til 65 m/s. Uvissa kjem delvis av at ein heil del måleinstrument braut saman på grunn av den store påkjenninga. På plattforma Statfjord-B i Nordsjøen vart det målt vind oppe i 75 m/s. Nyttårsorkanen ville på Saffir–Simpson-skalaen vore ein kategori-3-orkan.

Orkanen gjorde skade på mesta 34 000 private eigedommar og kosta forsikringsselskapa 1,3 millardar kroner.[2] I tillegg utbetalte Statens naturskadefond 200 millionar kroner til for skadar på 6000 eigedommar som ikkje var brannforsikra. Eitt menneskeliv gjekk tapt.

Uvêret råka òg store delar av Nord-Skottland, og på Shetland vart det målt vindkast på over 65 m/s.

Bakgrunn endre

Natt til 31. desember hadde det danna seg eit lågtrykk i kaldlufta utanfor Newfoundland ved Canada. Den kalde lufta støtte mot særs varm luft frå sør og i slike tilfelle får ein ofte ei særs raskt utvikling av lågtrykka. På bakgrunn av dette gjekk Meteorologisk Institutt ut med eit orkanvarsel for Møre og Romsdal.

På sjølve nyårsaftan såg meteorologane at lågtrykket viste teikn på ei eksplosiv utvikling, mellom anna ein skyformasjon stundom kalla ein «skyhatt», samt eit skyfrittområde i midten av lågtrykket på grunn av kald stratosfærisk luft som trengde ned i troposfæren like vest for lågtrykket.

Tidleg om morgonen 1. januar gjekk lågtrykket inn mot land nord for Stad. På sørvestsida av lågtrykket danna det seg eit såkalla sekundært lågtrykk, noko som medførte ei kraftig forsterking av vinden på sør- og vestsida av hovudlågtrykket. Dermed slo den kraftigaste vinden inn mot land med verst tenkjelege retning, frå vest og nordvest, som vil vinkelrett inn mot kysten slik at den kraftige vinden kunne nå langt innover land.

Kraftigast vind endre

Mange av vindmålarane til Meteorologisk Institutt braut saman på grunn av den kraftige vinden, så mange av vindstyrkane har vorte ekstrapolert i ettertid. Det vart observert liten storm eller sterkare frå Færder fyr til Bodø og sterk storm eller sterkare frå Hardangerfjorden til Sklinna fyr. Orkan vart målt mellom Stad og Vikna.

Den kraftigaste vinden er estimert til 46 m/s (166 km/t) ved Svinøy fyr og Skalmen fyr og desse stasjonane fekk òg dei høgaste vindkasta med 62 m/s (223 km/t). Saffir-Simpson-skalaen som vert nytta for tropiske orkanar baserer seg på vind målt over 1 minutt, medan ein i Noreg måler vind over 10 minutt. Normalt sett utgjer 1-minutts middelvind 10 % høgare vindstyrken enn 10-minutts middelvind. Med dette som grunnlag utgjorde nyårsorkanen kategori 3 på Saffir-Simpson-skalaen. Med berre 10-minuttsmiddelet som grunnlag utgjorde han ein kategori 2-orkan.

Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s)
Svinøy fyr 46 62
Skalmen fyr 46 62
Ona 45 -
Nordøyan fyr 41 -
Halten fyr 40 55
Ørland lufthamn 37 49
Vigra 36 55
Kristiansund 33 50
Sklinna fyr 33 43
Hellisøy fyr 30 43
Sandane 18 51

Etterverknad endre

Nyårsorkanen er den største naturkatastrofen i Noreg nokon gong målt i tapte verdiar. Mellom 50 000 og 60 000 bygningar fekk skadar som følgje av orkanen.

Det vart store skadar på infrastruktur, kulturminne, havbruksanlegg og skog. Nærare 3 millionar kubikkmeter trevirke vart øydelagd og berre skogeigarane fekk erstatningar på 250 millionar kroner. Samla økonomisk skade er estimert til vel 2 milliardar kroner, men då er ikkje eigenandelar ved forsikringsskadar eller økonomiske tap frå ulike driftsproblem rekna med.

Straumbrot medførte store driftstap for næringslivet og provisoriske energiløysingar var i bruk fleire stader i lang tid.

Sjølv om uvêret vart godt varsla førte det uheldige tidspunktet midt i høgtida til at ikkje styresmaktene vart varsla. Det vart derfor ikkje gjort skadeførebyggjande tiltak og det fanst ikkje beredskap til å setje i gang opprydding så snart uvêret var over. Dette medførte at Meteorologisk Institutt fekk utarbeidd prosedyrar for å sende ut ekstremvarsel for å varsle alle som kan setje i gang førebyggjande tiltak.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • B. Aune & K. Harstveit 1992, Rapport 23/92 Klima, Meteorologisk institutt
  • L.A. Breivik, J.E. Kristjánsson, K.H.Midtbø, B.Røsting & J. Sunde 1992, Technical Report 99, Meteorologisk institutt
  • Sigbjørn Grønås 1995, VÆR og KLIMA 4/1995
  • Sigbjørn Grønås & Jens Rytter, Cicerone 5/2004
  • S. Solberg 2006, Cicerone 3/2006
  • J. Teigland 2002, VF-rapport 7/2002, Vestlandsforsking
  • «Ekstremværuka: nyttårsorkanen 1. januar 1992». Meteorologisk Institutt. 2008. Henta 30. september 2008. 

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Tidenes største naturkatastrofe». Meteorologisk Institutt. 23. september 2008. Henta 30. september 2008. 
  2. Nyttårsorkanen. Kunnskapsforlaget. 2007.