63°25′49.645″N 10°28′6.9492″E / 63.43045694°N 10.468597000°E / 63.43045694; 10.468597000

Leangen Travbane hausten 2006
Foto: Mahlum

Leangen Travbane er ein travbane som ligg på Leangen i Trondheim. Det blir arrangert mange store løp der, mellom anna Bork Rigels Minneløp.

Banen er 1000 m lang med eit oppløp på 270 m, som er landets lengste. Svingradien er 65 m og kurvene har ei dossering på 17 prosent.

Leangen Travbane er eid av eit aksjeselskap med same namn og står, etter avtale med Norsk Rikstoto, for totalisatorverksemda i området Ålesund til Nordland fylkesgrense. Einaste aksjonær er Det Norske Travselskap.

Travbanen dekker ca. 90 dekar og vart første gong opna 5. september 1931. Dei tyske okkupantane okkuperte banen under andre verdskrig og banen opna att 6. oktober 1946.

Bakgrunnsstoff endre